A N E T T E | V E D Ø Y ♥ -
Hjem Add Om meg Kontakt

0

Vi skal til NM!

I helga var eg og patruljen min på kretsmesterskap i speiding på Sandbekken. Her konkurrerte vi mot andre patruljer innan pionering, orientering, kunnskap, førstehjelp og andre tema som er relatert til speidaren. Dette var Ryvarden krets av NSF som arrangerte, men KM-patruljar var og inviterte, men vi fann ut på fredagen at det kun var oss og ein annan patrulje frå KM, noko som gjorde at vi automatisk ville komme videre til NM, men det var likevel gøy å konkurrere mot andre patruljar. 


 


 

Vi kom ikkje så bra ut på resultatlista totalt sett, men var fornøgde med ein 11.plass. Og no veit vi kva vi må øve på, og er supergira på NM i juni!

-Avex♥

  • 0

    Du veit du er speidar når...

    Alt som står på ønskelista di er speidarting.

    Du skrik høgt ut til filmen korleis dei skal utføre førstehjelp.

    Du et kun nugatti på brødskiva.

    Du helsar med venstre hand.

    Du føretrekk sovepose framfor dyne på hyttetur.

    Du heller reiser ei veke på speidarleir utan dusj enn å reise til syden.

    Du prioriterer å kjøpe turklede framfor vanlege klede.

    Vekkerklokka di er lyden av ein trompet.

    Du brukar speidarskjorta di så ofte du kan, og helst enda meir...


    Du, takka vere gårsdagens leirbål, kan luktast på 100 meters avstand.

    Du har skjerfskille.

    Du alltid har på deg speidarskjerf, sjølv om du ikkje er på speidartur.

    Du kan alle versa på teskjevisa utenatt, men klarar ikkje å hugse korleis du reknar ut X i matte.

    Du har speidarvenner verda rundt.

    -Avex♥

  • 2

    Julemarked 2015

    I år, som i fjor, var det julemarked på Torvastad. Speidarane på Torvastad var med i år også, og hadde ei bod kor dei sat og selde ting. Eg måtte sjølvsagd gå på julemarkedet i år også, no som eg til og med var blitt ein del av speidarane på Torvastad. Eg skulle gjerne vore med å selje ting, men eg hadde dessverre ikkje tid til å vere der så lenge då mamma og pappa skulle på julebord same dagen. Så istadenfor så gjekk berre eg og mamma rundt og kikka på tinga dei hadde i bodene, og kjøpte kake og brus som vi koste oss med. 

    Vi endte til slutt opp med å kjøpe ny flisjakke til meg, som eg har ønska meg i lengre tid. Det er ei svart flisjakke med KM speidarlogoen på venstre sida, og på ryggen så står det Torvastad. Det er ei flisjakke som dei aller fleste speidarane på Torvasatd har, og no har eg og fått meg flisjakke.



    Alt i alt så var det veldig kjekt, sjølv om eg ikkje var der så lenge. Eg satsar heller på at det passar betre neste gong!

    Kva gjorde du i går?

    -Avex♥

  • 0

    10 gode grunnar til å bli speidar

    1. Du kombinerer friluftsliv med kristendom, noko eg berre elskar sidan eg er kristen og eg elskar naturen!

    2. Du kan reise på mange leirar og få vennar for livet frå heile Noreg og kanskje nokre frå andre land.

    3. Ein får utvikla seg veldig godt som menneske.

    4. Du blir kjend med så mange fantastiske personar som har samme interesse som deg.


    5. Det er ein god måte å lære mykje om naturen og friluftsliv!

    6. Du lærer å slå opp telt og lavvo på riktig måte, og får moglegheiten til å sove der mange gangar!

    7. Du frå utfordre deg sjølv uansett kor gammal du er.

    8. Speideren er for alle.


    9. Du får opplevingar for livet.

    10.Det er gøy

    -Avex

  • 1

    Tur til Fredtun

    No i helga har eg vore på speidarleir på ein leirplass på Fredtun. Vi reiste dit på fredag og kom heim igjen på søndag. Det er definitivt noko som skapte gode minner og eg kjem til å hugse det lenge. Vi var vel rundt 40 speidarar og nokre ledarar som var med, og saman har vi berre hatt det kjempekjekt og har gjort mykje gøy saman.

    På laurdag gjekk vi ein kort tur bort til nokre bunkersar, og sjølvsagd så tok eg masse bilete som eg ville dele med dykk.







    Eg hadde i alle fall ei heilt fantastisk helg samam med masse kjekke folk!

    Kva gjorde du i helga?

    -AvexP

  • 0

    Tur til Valldalen

    Idag hadde vi tenkt oss ein tur til klatreparken i Valldalen, men sida mamma hadde gløymd å reservere, og det ikkje var nok ledige ''drop-in'' plassar, så frkk vi ikkje klatre likevel. Men vi bestemte oss for å køyre til trollstigen, for å ta litt bilete og sånn. Så først stoppa vi på vegen for å ta bilete av ein stor foss(veit ikkje kva den heiter).





    Etter vi hadde teke litt bilete av fossen og kjøpt nokre suvenirar, køyrde vi videre oppover og stoppa ved trollstigen.







    Etter vi var ferdig med Trollstigen, køyrde vi ned til Åndalsnes for å ete litt, og så gjekk vi litt rundt i sentrum og kikka i butikkar, før vi tok vegen heim igjen.

    Alt i alt så vart det ein fin dag, sjølv om vi blei litt skuffa på starten av dagen når vi ikkje fekk klatre.

    Kva har du gjordt på idag?

    -AvexV

  • 0

    Kva er det som er så gøy med speidaren?

    Eg fekk eit spørsmål her ein dag, som inspirerte meg til å skrive eit innlegg.

    Kva er det som er så gøy med speidaren eigentleg? Kva er poenget?

    Høsten 2010 starta eg i speidaren, fordi eg blei overbevist av nokre venninner til å vere med. Dei hadde fortald meg mykje om kva dei gjorde på, turar og leirar som dei var med på, og kor kjekt dei hadde det i lag. Eg synest det høyrdes veldig kjekt ut, så eg bestemte meg for å prøve, og blei fort veldig glad i å vere med, så eg bestemde meg for å fortsette vidare.

    Etter nokre år byrja desse venninnene mine å slutte, for dei hadde andre ting som dei heller ville vere med på, men framleis var det to jenter igjen som var like gamle som meg, som ikkje skulle slutte.

    Etter kvart så merka eg at det byrja å bli litt kjedeleg. Vi tok jo aldri nokon merker, og vi var berre på overnattingstur ein til to gongar i året. Leirar fekk eg heller ikkje lov til å vere med på, for mamma syntest at eg var for liten, sjølv om ein reiste saman med ledarar. Eg hadde aldri vore på nokon som helst speidartur utanom gruppa vår før eg reiste på peff-kurs for første gong. Dette var det søskenbarnet mitt som hadde føreslått at eg kunne vere med på, og sjølv om eg ikkje visste heilt sikkert kva det gjekk ut på, så blei eg med. Etter ei helg på peff kurs så hadde eg blitt bitt av basillen, og eg hadde skjøna kva speiding eigentleg handla om.

    Det som er mest gøy med speidaren er fellesskapet, og vennskap som du får med andre speidarar. Mange tenkjer at speidaren handlar om å gå lange turar heile tida, og det er jo ein del av speidaren, men det er så mykje meir. På desse turane får ein lære mykje nytt, ein får nye erfaringar, og ikkje minst, ein skapar nye vennskap som kan vare livet ut. Dei aller beste vennane mine er speidarar som eg har møtt på ulike kurs, og dei er alle frå forskjellige stader i noreg.

    Eg håpar du kanskje har lært noko av denne teksten, og kanskje du vart inspirert til å finne ut meir om speiding?

    Du finn i allefall nettsida til KFUK-KFUM-speidarane her.

    -AvexQ

  • 0

    Min opplevelse av Norsk Roland

    Forrige veke var eg, som de sikkert veit, på Norsk Roland. 

    Eg hadde mine forventningar, ting eg gledde meg til og ting eg ikkje var så sikker på om kom til å bli så kjekt. Eg hadde for eksempel ikkje forventa at det skulle vere SÅ strengt, og eg vart eigentleg ganske sjokka den første dagen eg var der. 

    Kurset starta laurdag 20.juni og varte ei veke, altså til laurdag 27. juni. 

    Første dagen fekk vi vite kva slags patrulje vi skulle vere i og kven som skulle starte som patruljeførar. Dette blei då sjølvsagt meg, som sikkert hadde minst erfaring med dette. Sjølv om eg allereie hadde vore på to patruljeførarkurs, så visste eg ikkje sikkert kva slags oppgåver eg skulle gjere, og korleis eg skulle gjere dei. Men det gjekk no sånn passe fint, og eg kom meg gjennom dei to dagane som patruljeførar utan særleg store problemer, og eg var litt glad då vi skulle byte, og eg slapp å vere ''sjef'' på patruljen min lenger. 

    Poenget med kurset er jo å lære å bli ein betre patruljeførar, og det var jo derfor eg reiste, men likevel så tenkte eg at det hadde vore veldig greit om nokon andre vare Peff(patruljeførar) før meg, slik at eg kunne ha sett korleis ein gjorde det. 

    Vi fekk lære mykje nytt gjennom veka på roland, og eg synest vi fekk ein fin balanse mellom oppgåver og samhald i patruljen. Eg, som aldri har vore på nokon skikkeleg leir før, fekk lært mykje om det å byggje ein leir, og kva ulike oppgåver som må gjerast på ein leirplass dagleg. 

    Kvar kveld hadde vi frivillig kveldsbønnesamling, og dei første kveldane var det berre jentene som var med, men litt ut i veka, byrja det og å kome nokre gutar som ville vere med. Eg synest det var veldig greit at dei hadde eit slikt opplegg, og at vi hadde ein plass å kome om kvelden for å få høyre på ein andakt og berre få ro før vi skulle legge oss. Det var alltid så koseleg å vere der, og det er definitivt noko av det eg kjem til å sakne mest frå veka på roland.

    I tillegg til å ha lært så mykje nytt, har eg og fått mange nye vennar som eg håpar eg treff igjen på leirar og kurs seinare. Dessverre så er dei to som eg fekk best kontakt med er i andre krinsar enn det eg er, som vil seie at vi ikkje er på same kretsleir til neste år, men forhåpentlegvis så kan vi reise på Vinter roland saman til neste år, og få enda fleire gode opplevelsar saman. 

     

    Torsdag til fredag skulle vi på haik, og fekk eit kart kor det var merka av kor leirplassen skulle vere, og så skulle vi finne ei rute sjølv kor vi skulle gå. Det gjekk eigentleg veldig fint, og vi fann fram til staden der vi skulle sove.


    Alt i alt så har eg hatt ei fantastisk veke på roland, og sjolv om eg er heilt utslitt, så skulle eg gjerne ha gjordt det igjen!

    Dersom du er i tvil om du skal reise eller ikkje, så berre reis! Du kan ikkje tape noko på det uansett, og det er definitivt verd pengane!





    - Avex♥

  • Anette Vedøy

    Hei! Eg er ei Jente på snart 17 som kjem frå ei lita øy på Vestlandet som heiter Stord. For tida er eg busett på Stranda, kor eg går på internatskule. Her vil du kunne lese om livet på internat, friluftsliv, foto, reise og alt anna som måtte oppta kvardagen min.

    Kategorier

    Siste innlegg

    Design og koding: Ina Anjuta



    hits