A N E T T E | V E D Ø Y ♥ -
Hjem Add Om meg Kontakt

1

Du veit du er speidar når...(Del 2)

Du står på toppen av eit 5 meter høgt tårn av stokkar, surra med tau - og føler deg heilt trygg.

Du snakkar om leiren ''ifjor'' sjølv om den eigentleg var for 4 år sidan.

Alle bileta dine på instagram er speidarrelatert.

Du går rundt med kompass og penn i lomma til ei kvar tid.

Rommet ditt er skikkeleg rotete, og alt som ligg strødd på golvet er knutetau, fyrstikker, diverse førstehjelpsutstyr osv...

Du alltid har plaster og gnagsårplaster i lomma.

DCIM\100GOPRO\G0850249.

Du er på tur kvar helg.

Du føretrekk å sove ute - helst under åpen himmel.

Du kan flaggstikk i blinde.

Du insisterer på å få lov til å heise flagget - sjølv om det ikkje er offentleg flaggdag.

-avex♥

  • 5

    17.05.2016

    I år vart min 17.mai feira på hytta saman med familien. Vi bestemte oss rett og slett for å stikke av til hytta og feire dagen der, istadenfor å feire på Stord. Det skjer ikkje så mykje på 17.mai på Stord likevel. Det var var litt upraktisk å ta med seg bunaden til hytta, så eg tok heller med meg speidarskjorta, så då fekk eg feire 17.mai i speidarskjorte, sjølv om eg ikkje fekk gå i tog med speidaren. Men tog vart det likevell. Vi hadde nokre hyttenaboar som og var på hytta denne dagen, og då vi begynte å gå i tog, hang dei seg på, så det var tog likevel.


    Starta dagen med flaggheis klokka 08:00




    Vi måtte jo og lage våre eigne 17.mai leikar, så ein av dei var luftgeværskyting

    Alt i alt hadde vi ei super 17.mai feiring på hytta!

    -avex♥

  • Anette Vedøy

    Hei! Eg er ei Jente på snart 17 som kjem frå ei lita øy på Vestlandet som heiter Stord. For tida er eg busett på Stranda, kor eg går på internatskule. Her vil du kunne lese om livet på internat, friluftsliv, foto, reise og alt anna som måtte oppta kvardagen min.

    Kategorier

    Siste innlegg

    Design og koding: Ina Anjuta



    hits