A N E T T E | V E D Ø Y ♥ -
Hjem Add Om meg Kontakt

9

Rollebryllaup

I går hadde vi rollebryllaup på skulen. Alle hadde fått utdelt ei rolle, og skulle kle seg ut som det dei fekk. Nokre skulle vere brud, brudgom og familien deira, medan andre var olsenbanden, gjengen frå flåklypa osv. Eg og Anders var Ronja røverdatter og Birk Borkason. Eg jobba heile påskeferien med å finne kostyme, og vart ganske fornøgd med resultatet sjølv. 


(sorry for dårleg kvalitet)

Alt i alt var dagen i går ein veldig bra dag!

Kva har du gjordt i helga?

-Anette

  • 6

    POLLENALLERGI, KJOLAR OG HAUST

    Eg såg eit innlegg på denne bloggen med sin vår-tag som eg sjølv fekk lyst å skrive, og sidan våren allereie er her, så kjem den no.

    Har våren starta slik du håpte?

    For min del har starten på våren vore heilt grei. Det er litt kjipt med vår og vinter om kvarandre annankvar dag, så eg har liksom aldri visst om eg ksulle ha på meg ull eller shorts (for å setje det litt på spissen) før eg har sett ut vindauget om morgonen, for ein har liksom ikkje visst om gradene er 3 i minus eller 10 i pluss. Så starten på våren har vore grei, men kunne gjerne vore litt betre, og meir stabil.

    Korleis såg livet ditt ut våren 2016?

    For å vere heilt ærleg, så hugsar eg ikkje så mykje av kva som skjedde den våren, men den var sikkert heilt grei.

    ''Must have'' vårplagg?

    I det siste har eg byrja å like veldig godt å gå med kjolar, så det blir kanskje ein kjole.

    Har du noko stort vårprosjekt på gong?

    Eigentleg ikkje. Det einaste målet eg har for våren er vel at eg skal bestå eksamen.

    Føretrekk du våren eller hausten?

    Eg synest begge to er veldig fine årstider, men eg trur eg vil seie at hausten er litt betre enn våren, då eg har pollenallergi, som øydelegg litt for våropplevinga mi. Men om eg ikkje hadde hatt det, ville kanskje våren ha vore litt høgare rangert hos meg.


    Kva er du mest forelska i når det gjeld våren?

    Fint vêr, vårsola og mildere temeraturar.

    Tre ting som stoppar vårkjensla?

    Pollenallergi, regn, kulde.

    Har du nokon planar for sommaren?

    Dette kjem det eit innlegg om seinere, men foreløpig veit eg i allefall at eg skal på speidarleir, til mormor, på hytta og forhåpentlegvis på lagsveke - friluft. 

     

    KVA LIKAR DU BEST, ELLER MINST, MED VÅREN?

    -Anette

  • 8

    Klar for å reise!

    Etter nesten to veker med påskeferie, er eg no kalr for å reise tilbake til skulen. Heim igjen. Det er slik det er blitt, skulen er blitt heimen min. Så no er eg klar for å reise heim igjen. Baggen er pakka, og sidan vi har ein dag ekstra ferie, så er det i morgon eg skal reise. Eg flyr frå Haugesund, via Gardermoen, og til Ålesund. Eg er veldig klar for å komme meg heim og møte alle vennane mine igjen.



    Alt i alt har eg hatt ein veldig bra påskeferie, men det skal bli godt å komme tilbake til vanlege rutiner. 

    Har du hatt ein bra ferie?

    -Anette

  • 14

    Påske er inga unnskulding

    Bruker du setninga ''det er jo påske'' som ei unnskulding for å få lov å ete godteri i vekedagane? Det brukte eg å gjere og. Og for å vere heilt ærleg, så gjer eg det enda, men denne påskeferien synest eg sjølv at eg har vore veldig flink til å ikkje ete så mykje godteri. Målet mitt denne ferien var å prøve å ''leve som normalt'' sjølv om det er påske, og sjølv om det er ferie. Og eg føler at eg har klart deg ganske bra. Eg seier ikkje at eg ikkje har ete godteri, men når godteskåla står på bordet, tar eg meg ein bit- eller to- og det er det. I staden for påskeegg med mykje godteri i, spurte eg mamma om å få mango og jordbær i staden, og det fekk eg, så no lagr eg meg heller fruktsalat enn å gomle på godteri heile tida. 


    Eg synest sjølv at dette har vore eit bra alternativ til å spise godteri heile påska, og dette skal definitivt gjentakast neste år.

    Brukar du ofte påskeferien som e unnskulding for å ete usunt?

    -Anette

  • 6

    Favourites

    1. Crispi Besseggen fjellsko

    Desse fjellskoa er dei beste eg nokon gong har hatt. Eg kjøpte mitt par rett før eg skulle på langtur, og hadde ikkje fått tid til å gå dei inn før eg reiste, og gjekk heile turen utan å få gangsår. Har forsåvidt heller aldri fått gnagsår når eg har gått med desse i seinere tid, så skoa var definitivt verdt pengane.



    Mine er kjøpt hos XXL og har orange detaljar (ikkje rosa, som på biletet).

    2. Mckinley ARIUM 1-mannstelt

    Dette teltet vart spontaninnkjøpt i 2015 då det var på tilbod til 999,- og har vore flittig i bruk etter det. Det er eit einmannstelt som veg lite, er lett å slå opp og pakke ned, og har lite pakkvolum, så det er veldig greit å ha om ein skal på langtur åleine. Det er derimot veldig lite, så om ein vil ha med seg sekken inn i telte, er nok ikkje dette teltet å velje, då det vert veldig trangt om plasse om ein skal dele den med ein stor tursekk. Men alt i alt er eg veldig nøgd med dette kjøpet.





    Dette er kjøpt hos G-sport.

    3. Bergans Sleeping Mat Extreme, liggeunderlag

    Eit lett og godt liggjeunderlag frå Bergans. Det er behageleg å liggje på, og lett å frakte med seg, då det veg veldig lite. Liggjeunderlaget er fint til bruk heile året.

    Liggjeunderlaget er kjøpt hos XXL.

    4. Grevling overtrekkspose

    Eg har alltid eigentleg hatt bruk for ein ''grevling'' til soveposen min, og i fjor gjekk eg til innkjøp av ein før eg skulle på kurst i påskeferien, for å sleppe å våkne i våt sovepose etter ei natt i snøhole. Dette viste seg å vere eit veldig godt innkjøp.



    Denne er kjøpt hos speider-sport.

     


    Dette er nokre av mine tur-favorittar akkurat no. Kommenter gjerne under kva dine er. Eg tek imot alle tips med opne armar!

    -Anette

  • 14

    Eg vil lese bloggen din!

    I det siste har eg fått veldig interesse for å lese forskjellige bloggar, men eg føler ikkje eg har heilt funne så mange bloggar som skriv om det eg interesserar meg for. Om du vil at eg skal sjekke ut din blogg, så er det berre å skrive litt om bloggen din i kommentarfeltet under, så skal eg sjekke ut alle som kommenterar. 


    -Anette

  • 6

    Instagram




     DCIM\100GOPRO\G0270460.

    Du finn fleire bilete på instagrammen min HER og så kan du og følge min vanlege brukar HER

     

    Kva heiter du på instagram?

    -Anette

  • 4

    Frisk luft

    Det er påske, og skulefri, og sidan det var så fint vêr idag, bestemte eg og mamma oss for at vi ville på tur. Planen var først å gå ein tur inn i skogen, men etter litt om og men kom vi til at vi skulle gå opp på ein liten fjelltopp. Den er ikkje så høg, 228 moh, men det var ein fin tur likevel.

    Kameraet mitt hadde dessverre ikkje strøm når vi skulle gå på tur, så kvaliteten på bileta vart ikkje så bra som eg hadde håpa, men eg fekk tatt nokre bilete likevel.




    Alt i alt var det ein veldig bra tur, sølv om den ikkje var så lang. Det er alltid greit å komme seg litt ut og få frisk fjelluft inn i lungene.

    Har du vore på fjelltur i påska?

    -Anette

  • 3

    Kvifor friluftsliv?

    Dei aller fleste har funne ein ting som er deira hobby. Min er friluftsliv. Eg har monge gonger tenkt gjennom kva som eigentleg er grunnen til at eg er så glad i å vere ut i naturen og å vere på tur. Sanninga er at eg ikkje eigentleg veit heilt kvifor eg likar dette, og eg skjønar ikkje heilt kvar interessa kjem frå. Eg kjem ikkje frå ein typisk friluftsfamilie, og har ikkje vokst opp i eit telt. Det er ei interesse som har kome etter eg byrja i speidaren i 2010. Der fekk eg oppleve å sove i telt, å vere på tur og berre det å bruke tid ute i naturen. Eg vart rett og slett forelska i friluftslivet av ein eller annan grunn.

    Eg trur kanskje det kan vere noko med det at naturen er så fredeleg. Den er så stille og roleg, alt går så sakte framover, og når ein er ute i naturen kan ein ta livet med ro, og berre nyte dei små augneblinka. Ein kan sitje ute, på ein stubbe, og nyte musikken frå fuglar. Vinden som raslar i tretoppane. Dyr som luskar rundt i krattskogen. Den sildrande bekken. Det er så mykje fint med naturen, så mykje ein kan sjå og høyra. Og eg trur det er alt dette som har fått meg til å like friluftslivet så godt.



     

    Dei som ikkje likar det, tenkjer sikkert på det harde liggjeunderlaget som ein ofte søv på. Den tunge sekken ein dreg på. Dei kalde, kjipe dagane med regn. Insekta som stikk og bit. Sjølvsagt er dette og ein del av friluftslivet, og det er ikkje til å stikke under ein stol at dette kan vere med på å dra ned stemninga. Men om ein berre skal fokusere på det negative i livet, så er det ikkje mykje ein kjem til å oppleve som bra. Då vil ein ikkje få alle dei gode opplevingane som ein får om ein går inn i noko nytt med eit ope sinn, og tenkjer på det som er bra.


    Har du nokon gong tenkt over kvifor du har akkurat dei interessene du har?

    -Anette

  • 4

    Kajakktur - video

    -Anette

  • 10

    5 ting å gjere i påskeferien

    Mange knyttar påska til skiturar i påskesol, kvikklunsj, appelsin og solo. Andre tenkjer at påska er ei fin tid for å ta ein tur med båten, slappe av på ei aude øy og berre nyte livet. Begge deler er veldig koseleg, og det er og mykje anna ein kan gjere i påska. Sjølv om vi allereie er halvvegs i ferien, er det framleis mykje ein kan finne på. Her er nokre ting eg tykkjer er veldig gøy å finne på når det er påskeferie. 

    1. Gå deg ein tur på fjellet

    Uansett vêr kan det vere veldig gøy å gå på ein fjelltur. Få med deg familien, vennar, eller rett og slett ta turen åleine. Finn ein fjelltopp som du ynskjer å gå på, gjerne ein du aldri har vore på før, pakk sekken og begynn å gå. Dette er ein god måte å både få litt trening i ferien, og å berre komme seg ut i frisk luft.

    2. Besøk ei DNT-hytte

    Ønskjer du å gå ein litt lengre tur enn berre ein dagstur på fjellet eller i skogen, kan du ta turen til ei DNT-hytte. Du kan finne di næraste DNT-hytte på ut.no  eller på UT-appen. Det er mange flotte turdestinasjonar, og du treng ikkje nødvendigvis å gå langt, nokre av hyttene tar berre ein time å gå inn til, og då får du og meir tid til hyttekos når du er framme. Ta med deg vennegjengen og ein kortstokk og legg ut på tur. Husk å alltid følgje fjellvettreglane.

    3. Båttur

    Om gåturar ikkje er heilt di greie, er ein båttur eit veldig godt alternativ til friluftsliv i påska. Om du ikkje har båt sjølv, kjenner du kanskje nokon som har ein båt du kan låne, eller nokon som ynskjer å ta deg med på tur. Grip sjansen og bli med. Ta gjerne med fiskestanga, så kan du sitje midtfjords med fiskestanga i handa og nyte den fine påskesola medan du drikk ei solo og kjenner den friske sjølufta som omfavnar deg. 



    4. Gå på ski

    Påska er høgsesong for skigåing, og om det er snø der du bur, er det ein fin moglegheit for å gå på ski, anten det er langrenn eller slalom. Finn ut kva du likar best og ta deg ein tur, anten i ei lysløype, på fjellet eller i eit skitrekk. Det er mange moglegheiter når det kjem til skigåing. Om du ikkje har eigne ski, er det alltids ein stad du kan låne eller leige ski for ein billig penge. Kom deg ut på ski og nyt den fine påskesola!

    5. Påskeverkstad

    Om vêret ikkje er på di side, eller du rett og slett ikkje orkar å vere ute av andre grunnar, er påskeverkstad eit fint alternativ. Inviter nokre vennar over, finn fram påskegodteriet og noko godt å drikke og kos dykk med å pynte påskeegg eller påskekyllingar. Det finst mange alternative ting der ute som ein kan lage, nyttige ting og ting som berre skal stå til pynt i denne fine høgtida. Søk litt rundt på nettet så fine du mange fine ting de kan lage. Her er mitt forslag: http://www.plusstid.no/Barn-og-familie/Fritid/Tid-for-paaskeverksted. Husk at det kan vere like gøy for vaksne, som born, å lage påskepynt!

    Biletet er lånt frå nettsidene til ringerike kommune.

    Har du andre tips til kva ein kan gjere i påskeferien?

    -Anette

  • 2

    Lenge sidan

    I heile påskeferien, fram til i går, var eg og familien min på hytta. Vêret har ikkje vore noko å skryte av, men det har gått heilt fint sjølv det har vore litt surt av og til. I går var det lite vind, og ikkje noko særleg med regn, så sølv om vatnet var ganske kaldt, bestemte eg meg for å gjere noko som eg ikkje hadde gjordt på veldig lenge; kajakkpadling. Kajakkpadling er noko av det kjekkaste eg gjer når eg er på hytta. Det er så herleg å berre vere ute på vatnet, aller best i fint vêr, og nyte den friske sjølufta. Vatnet som skvulpar mot kajakken. Det er ei fantastisk kjensle, og noko alle burde prøve ein gong i sitt liv. 

    DCIM\100GOPRO\G0270460.

    Eg hadde med meg GoPro.kameraet for å prøve å filme litt og ta nokre bilete, men med minimalt med straum vart det ikkje så mykje filming, men nokre bilete fekk eg likevel. 

    Kva har du gjordt så langt i påskeferien?(om du har ferie)

    -Anette

  • 5

    Long time, no see

    Hei!

    No er det neste eit år sidan eg har blogga her. Eg hadde eigentleg bestemt meg for å slutte, fordi eg ikkje heilt hadde interessa for å blogge lenger, men eg har innsett at dette er noko eg faktisk trivast veldig med å gjere, og eg saknar det å skrive om turar og dele ting frå mitt liv. Så no har eg bestemt meg for å gje dette eit nytt forsøk, så framover vil det komme oppdateringar frå meg her på bloggen.

    -Anette

  • Anette Vedøy

    Hei! Eg er ei Jente på snart 17 som kjem frå ei lita øy på Vestlandet som heiter Stord. For tida er eg busett på Stranda, kor eg går på internatskule. Her vil du kunne lese om livet på internat, friluftsliv, foto, reise og alt anna som måtte oppta kvardagen min.

    Kategorier

    Siste innlegg

    Design og koding: Ina Anjuta



    hits