A N E T T E | V E D Ø Y ♥ -
Hjem Add Om meg Kontakt

0

Eg er ikkje klar for dette

Vi er komen til februar. Faktisk så er vi snar ferdige med februar, og det er snart mars. Det er snart mars og søknadsfrist for oss som skal søke på skular. Dette er noko eg har gått og tenkt på i lang tid, og eg veit enda ikkje sikkert kva eg vil etter 10. klasse. Eg har søkt på tre skular i hordaland, men eg er ikkje sikker på at det er dette eg vil. Det trur eg ikkje eg vil vere før eg byrjar på skulen til hausten. Men no har eg i alle fall gjordt eit val, og eg trur ikkje eg kjem til angre på det, uansett kva skule eg kjem inn på.

Og til de som lurar, så er det desse skulane/linjene eg har søkt på:



Til de som går i 10. klasse: Kva skular og linjer søkjer du på?

-Avex♥

  • 0

    Du veit du er speidar når...

    Alt som står på ønskelista di er speidarting.

    Du skrik høgt ut til filmen korleis dei skal utføre førstehjelp.

    Du et kun nugatti på brødskiva.

    Du helsar med venstre hand.

    Du føretrekk sovepose framfor dyne på hyttetur.

    Du heller reiser ei veke på speidarleir utan dusj enn å reise til syden.

    Du prioriterer å kjøpe turklede framfor vanlege klede.

    Vekkerklokka di er lyden av ein trompet.

    Du brukar speidarskjorta di så ofte du kan, og helst enda meir...


    Du, takka vere gårsdagens leirbål, kan luktast på 100 meters avstand.

    Du har skjerfskille.

    Du alltid har på deg speidarskjerf, sjølv om du ikkje er på speidartur.

    Du kan alle versa på teskjevisa utenatt, men klarar ikkje å hugse korleis du reknar ut X i matte.

    Du har speidarvenner verda rundt.

    -Avex♥

  • Anette Vedøy

    Hei! Eg er ei Jente på snart 17 som kjem frå ei lita øy på Vestlandet som heiter Stord. For tida er eg busett på Stranda, kor eg går på internatskule. Her vil du kunne lese om livet på internat, friluftsliv, foto, reise og alt anna som måtte oppta kvardagen min.

    Kategorier

    Siste innlegg

    Design og koding: Ina Anjuta



    hits