A N E T T E | V E D Ø Y ♥ -
Hjem Add Om meg Kontakt

2

Teksten min kom med i ei bok!

Det er heilt sant.

I fjor sommar fann eg ein skrivekonkurranse på nettsidene til norges KFUK-KFUM, kor oppgåva var å skrive ein tekst som handlar om kristen tru. Det var fleire spørsmål å veljge mellom, og eg valde spørsmålet ''Kva har kristen tru å seie i min kvardag''? Så sende eg inn teksten, utan for store forhåpningar, men for eit par dagar sidan fekk eg ein mail av dei kor det stod at dei var godt i gong med å sette saman boka, og at min tekst var ein av dei som vart med. Det vil seie at eg faktisk får ein tekst som eg har skrive i ei bok. Det er ganske kult! Eg får og eit eksemplar av boka i posten sidan min tekst vart med, så no gler eg meg veldig til boka er ferdig.

 

 

-Avex♥

 

 

  • 4

    Resultatet

    No har eg strikka ferdig prosjoktet mitt, og eg vart faktsik veldig fornøgd med det, sjølv om eg lagde noko anna enn det som var planen frå starten. Eg hadde kjøpt inn tråd slik at eg skulle ha nok til å strikke meg eit par tøfler, men då eg hadde kome halvvegs på den første tøffelen, så fann eg ut at han var for liten, og eg gadd jo ikkje å rekke opp at alt saman, så eg fann heller ut at eg kunne lage noko anna av det. Så då vart det....

    Vottar! Eg var litt usikker på om eg skulle klare å lage tomlar, sidan eg aldri har strikka vottar før, men det gjekk overaskande bra! Og sjølv om den eine votten vart litt mindre enn den andre, så er det vel ingen andre enn meg som veit det? Det gjer meg i alle fall ingenting, sidan dette er mine første vottar. 

    Eg strikka dei først med vanleg rillestrikk til over tommelen, og deretter strikka eg glattstrtikk resten, og til slutt tommelen i same stil som endane på vottane.

    Då eg var ferdig med desse, hadde eg framleis nesten eit heilt blått nøste igjen og eit heilt brunt, så eg fann ut at eg måtte strikke meg noko anna, så då vart det matchande panneband med ei søt sløyfe på.


    Det vart ikkje heilt perfekt, dette heller, men eg er fornøgd i alle fall.

    Eg har framleis nesten eit heilt nøste med brun tråd igjen, så eg må finne noko eg kan lage av det.

    Har du forslag til kva eg kan lage?

    -Avex♥

  • 2

    Strikkeprosjekt-kva ska dette bli...?

    Eg har no starta på eit strikkeprosjekt, som eg har gått og tenkt på lenge. Eg kom meg endeleg på butikken for å kjøpe garn(dvs. mamma kjøpte garn...), så eg kunne byrje på prosjektet, og eg har vald meg ut to fargar som eg i alle fall likar veldig godt.


    Så då var det berre å setje i gong!


    Dette er det eg har strikka til no. 

    Kan du sjå kva det skal bli?

    -Avex

  • 2

    Kan eg sy?

    Eg har gått og tenkt på det lenge, at eg skulle ha fått sydd på merka på leirbålskappa mi. Men eg var ikkje heilt sikker på korleis det skulle gå, for eg er ikkje akkurat den beste til å sy, men eg tenkte at eg fekk i alle fall prøve mitt beste. Så eg begynte å tenke på korleis eg skulle ha dei på leirbålskappa og kom opp med nokre ''forslag''.




    Og eg bestemte meg for å gå for det første, sidan eg syntest at det såg best ut, så då var det berre å byrje å sy.




    Og det ferdige resultatet vert slik:




    Det blei ikkje perfekt, men det blei sydd på...

    Kommenter gjerne under kva du synest!

    -Avex♥

  • 8

    Nye bikiniar

    Idag var eg og mamma ein tur på senteret for å kjøpe ny bikin, og eg fann faktisk to som eg likte veldig godt.

    Den første:





    Eg likte veldig godt denne fordi eg er jo eit båtmenneske, og sidan denne har dette fine ankeret, saman med den fine blåfargen, så synest eg det passar fint til båtturar.

    Overdel: 179,- (Cubus)

    Underdel: 99,- (Cubus)

     

    Den andre bikinien:





    Desse to bikinidelane høyrde ikkje eigentleg saman, men eg likte ikkje underdelen til bikinien, så eg kjøpte denne rosa i satden for.

    Overdel: 79,- (Cubus)

    Underdel: kosta eigentleg 99,- men var med på 3 for 2 tilbod, så eg fekk den med på kjøpet saman med den første bikinien.

     

    Eg vil gjerne høyre kva du synest om desse to bikiniane, så legg igjen ein kommentar under, kor du fortel meg kva du synest.

    -Avex♥

  • 2

    Eg klarte det!

    Idag er den dagen eg har gleda meg til og grua meg enda meir til. Det er ikkje noko spessielt med denne dagen for dei fleste, men for meg er dette den dagen då eg bestod båtførerprøven! Heile skuleåret har eg hatt batførarprøven som valfag, og gjennom året har eg lært mykje om både reglar i båt og Kart og navigasjon. Eg har ikkje tenkt så mykje på denne dagen før denne veka. Det var vel først på mandag det faktisk gjekk opp for meg at eg skulle ta båtførareksamen på verkeleg. Det var ikkje berre ein draum. Heile veka har eg gått og gledd meg, og grua meg til denne dagen, og endeleg var den her. Det augneblinket eg var mest nervøs var vel rett før eg trykkte på knappen for å levere. Alt eg kunne tenke på var: No stryka eg. Eg har ein feil for mykje. Eg har bomma totalt. Dette kan ikkje gå bra. Men då eg trykte på knappen og PC-en fortalde meg at eg hadde klart det, vart eg overlykkeleg. Eg visste ikkje kva eg skulle tenke. Eg hadde klart det, eg hadde bestått båtførarprøven. 

    Eg er eigentleg litt glad for at eg er ferdig med det. Det har vore veldig mykje pugging og ekstra lekser gjennom året for å klare å hugse reglar og tips og triks i båt.

     

    Alt i alt vil eg likevel seie at det er verd det. Du kan tross alt køyre store båtar når du har tatt det. No må eg berre vente til eg er 16 år, og så kan eg bruke det, noko eg gledar meg veldig mykje til. 

    Er du interessert i båt og sjø?

    Har du/skal du ta båtførerbeviset?

    - Avex?

  • 3

    Det er lov å vere litt leiken

    No, ikveld, og i går kveld, sat eg og litlebroren min og lagde armband og diverse andre ting av ''loom bands''. Trur dette er noko som berre var inn ein liten periode, for så å debbe ut.. Men eg synest fortsatt at det er kjekt å drive med dette, og det må jo vere lov til å vere litt leiken, sjølv om eg snart er 15 år. 

    I tillegg til desse armbånda, laga eg også eit bokmerke, som eg vart ganske fornøgd med.

    Har du laga slike armbånd før? Om du har skrive eit innlegg om loom band, link det gjerne nede i kommentarfeltet, så kan eg kanskje lese det.

    Avex♥

     

  • 8

    Dei fem beste bøkene

    1. The fault in our stars

    Eg synest denne boka har ein veldig fin handling, samtidig som du berre ventar på at noko trist skal skje. Eg har berre lest boka på engelsk, men eg annbefalar verkeleg å lese denne boka!

    Terningkast: 5

    2. Looking for Alaska

    Denne boka synest eg kan vere ganske forvirrande i byrjinga, men etter kvart som du les meir, skjønar du samanhengen. Det eg likar best med boka er at hovudpersonen tel ned til noko som skal skje, men du veit ikkje kva som skal skje før det har skjedd. 

    Terningkast: 6

    3. Panserhjerte

    Det eg likar best med Panserhjerte er at ho er skriven på ein veldig bra måte, og sjølv om ho er skriven på norsk. er ho veldig bra! Det skjer mykje spennande gjennom heile boka, med mange ledetrådar om at noko skal skje, og du skjønar ikkje kva ''panserhjerte'' har med boka å gjere før dette skjer.

    Terningkast: 5

    4. Gjenferd

    Nok ei krimbok som er veldig lik panserhjerte, berre at handlinga er annleis. 

    Terningkast: 5

    5. Svarte Mathilda

    Triologien svartemathilda er ein nynorsk bokserie, og det at den er skriven på nynorsk likar eg godt. Historia om svarte Mathilda liknar veldig på historia om Bloody Mary, og er derfor ei ''skrekkbok'', vil eg seie. Den er ikkje veldig skummel, men for nokre kan den vere det. Eg kan ikkje velje nokon favoritt av desse tre bøkene, då handlinga føregår over alle tre, noko eg og likar veldig godt, fordi  det gjer det meir spennande. 

    Terningkast: 5

     

    Kommenter gjerne under kva du synest om desse bøkene, og kom gjerne med forslag til andre bøker su synest eg bør lese!

    - Avex♥

  • Anette Vedøy

    Hei! Eg er ei Jente på snart 17 som kjem frå ei lita øy på Vestlandet som heiter Stord. For tida er eg busett på Stranda, kor eg går på internatskule. Her vil du kunne lese om livet på internat, friluftsliv, foto, reise og alt anna som måtte oppta kvardagen min.

    Kategorier

    Siste innlegg

    Design og koding: Ina Anjuta



    hits