A N E T T E | V E D Ø Y ♥ -
Hjem Add Om meg Kontakt

3

Skule på hjul

Frå tysdag til onsdag var eg på skule på hjul saman med klassa mi. Koseptet går ut på at vi køyrer rundt og ser ulike attraksjonar og vert kjend med nærområdet vårt. Planen var eigentleg at vi skulle overnatte på nokre hytter, men grunna problemer med vassrøyra, kunne vi ikkje det. Det einaste alternativet lærarane fann var å bu på hotell i Geiranger, så dei snakka med hotellet og fekk ein rimeleg gruppepris, så det ikkje vart så dyrt.

Første dagen var vi på ein båttur og fekk høyre litt om historia til plassen, og så gjekk vi på fjelltur etter det, opp til Skageflå.




Etter turen brukte vi resten av kvelden på hotellet, spiste god mat og bada i bassenget.

Dagen etter fekk vi omvisning på hotellet og var på fossevandring før vi reiste tilbake til skulen.




Alt i alt var dette ein veldig kjekk tur og vi fekk alle mange gode minner for livet!

Kva har du gjordt denne veka?

-Anette

  • 9

    Rollebryllaup

    I går hadde vi rollebryllaup på skulen. Alle hadde fått utdelt ei rolle, og skulle kle seg ut som det dei fekk. Nokre skulle vere brud, brudgom og familien deira, medan andre var olsenbanden, gjengen frå flåklypa osv. Eg og Anders var Ronja røverdatter og Birk Borkason. Eg jobba heile påskeferien med å finne kostyme, og vart ganske fornøgd med resultatet sjølv. 


    (sorry for dårleg kvalitet)

    Alt i alt var dagen i går ein veldig bra dag!

    Kva har du gjordt i helga?

    -Anette

  • 8

    Klar for å reise!

    Etter nesten to veker med påskeferie, er eg no kalr for å reise tilbake til skulen. Heim igjen. Det er slik det er blitt, skulen er blitt heimen min. Så no er eg klar for å reise heim igjen. Baggen er pakka, og sidan vi har ein dag ekstra ferie, så er det i morgon eg skal reise. Eg flyr frå Haugesund, via Gardermoen, og til Ålesund. Eg er veldig klar for å komme meg heim og møte alle vennane mine igjen.



    Alt i alt har eg hatt ein veldig bra påskeferie, men det skal bli godt å komme tilbake til vanlege rutiner. 

    Har du hatt ein bra ferie?

    -Anette

  • 14

    Påske er inga unnskulding

    Bruker du setninga ''det er jo påske'' som ei unnskulding for å få lov å ete godteri i vekedagane? Det brukte eg å gjere og. Og for å vere heilt ærleg, så gjer eg det enda, men denne påskeferien synest eg sjølv at eg har vore veldig flink til å ikkje ete så mykje godteri. Målet mitt denne ferien var å prøve å ''leve som normalt'' sjølv om det er påske, og sjølv om det er ferie. Og eg føler at eg har klart deg ganske bra. Eg seier ikkje at eg ikkje har ete godteri, men når godteskåla står på bordet, tar eg meg ein bit- eller to- og det er det. I staden for påskeegg med mykje godteri i, spurte eg mamma om å få mango og jordbær i staden, og det fekk eg, så no lagr eg meg heller fruktsalat enn å gomle på godteri heile tida. 


    Eg synest sjølv at dette har vore eit bra alternativ til å spise godteri heile påska, og dette skal definitivt gjentakast neste år.

    Brukar du ofte påskeferien som e unnskulding for å ete usunt?

    -Anette

  • 14

    Eg vil lese bloggen din!

    I det siste har eg fått veldig interesse for å lese forskjellige bloggar, men eg føler ikkje eg har heilt funne så mange bloggar som skriv om det eg interesserar meg for. Om du vil at eg skal sjekke ut din blogg, så er det berre å skrive litt om bloggen din i kommentarfeltet under, så skal eg sjekke ut alle som kommenterar. 


    -Anette

  • 10

    5 ting å gjere i påskeferien

    Mange knyttar påska til skiturar i påskesol, kvikklunsj, appelsin og solo. Andre tenkjer at påska er ei fin tid for å ta ein tur med båten, slappe av på ei aude øy og berre nyte livet. Begge deler er veldig koseleg, og det er og mykje anna ein kan gjere i påska. Sjølv om vi allereie er halvvegs i ferien, er det framleis mykje ein kan finne på. Her er nokre ting eg tykkjer er veldig gøy å finne på når det er påskeferie. 

    1. Gå deg ein tur på fjellet

    Uansett vêr kan det vere veldig gøy å gå på ein fjelltur. Få med deg familien, vennar, eller rett og slett ta turen åleine. Finn ein fjelltopp som du ynskjer å gå på, gjerne ein du aldri har vore på før, pakk sekken og begynn å gå. Dette er ein god måte å både få litt trening i ferien, og å berre komme seg ut i frisk luft.

    2. Besøk ei DNT-hytte

    Ønskjer du å gå ein litt lengre tur enn berre ein dagstur på fjellet eller i skogen, kan du ta turen til ei DNT-hytte. Du kan finne di næraste DNT-hytte på ut.no  eller på UT-appen. Det er mange flotte turdestinasjonar, og du treng ikkje nødvendigvis å gå langt, nokre av hyttene tar berre ein time å gå inn til, og då får du og meir tid til hyttekos når du er framme. Ta med deg vennegjengen og ein kortstokk og legg ut på tur. Husk å alltid følgje fjellvettreglane.

    3. Båttur

    Om gåturar ikkje er heilt di greie, er ein båttur eit veldig godt alternativ til friluftsliv i påska. Om du ikkje har båt sjølv, kjenner du kanskje nokon som har ein båt du kan låne, eller nokon som ynskjer å ta deg med på tur. Grip sjansen og bli med. Ta gjerne med fiskestanga, så kan du sitje midtfjords med fiskestanga i handa og nyte den fine påskesola medan du drikk ei solo og kjenner den friske sjølufta som omfavnar deg. 



    4. Gå på ski

    Påska er høgsesong for skigåing, og om det er snø der du bur, er det ein fin moglegheit for å gå på ski, anten det er langrenn eller slalom. Finn ut kva du likar best og ta deg ein tur, anten i ei lysløype, på fjellet eller i eit skitrekk. Det er mange moglegheiter når det kjem til skigåing. Om du ikkje har eigne ski, er det alltids ein stad du kan låne eller leige ski for ein billig penge. Kom deg ut på ski og nyt den fine påskesola!

    5. Påskeverkstad

    Om vêret ikkje er på di side, eller du rett og slett ikkje orkar å vere ute av andre grunnar, er påskeverkstad eit fint alternativ. Inviter nokre vennar over, finn fram påskegodteriet og noko godt å drikke og kos dykk med å pynte påskeegg eller påskekyllingar. Det finst mange alternative ting der ute som ein kan lage, nyttige ting og ting som berre skal stå til pynt i denne fine høgtida. Søk litt rundt på nettet så fine du mange fine ting de kan lage. Her er mitt forslag: http://www.plusstid.no/Barn-og-familie/Fritid/Tid-for-paaskeverksted. Husk at det kan vere like gøy for vaksne, som born, å lage påskepynt!

    Biletet er lånt frå nettsidene til ringerike kommune.

    Har du andre tips til kva ein kan gjere i påskeferien?

    -Anette

  • 5

    Long time, no see

    Hei!

    No er det neste eit år sidan eg har blogga her. Eg hadde eigentleg bestemt meg for å slutte, fordi eg ikkje heilt hadde interessa for å blogge lenger, men eg har innsett at dette er noko eg faktisk trivast veldig med å gjere, og eg saknar det å skrive om turar og dele ting frå mitt liv. Så no har eg bestemt meg for å gje dette eit nytt forsøk, så framover vil det komme oppdateringar frå meg her på bloggen.

    -Anette

  • 5

    17.05.2016

    I år vart min 17.mai feira på hytta saman med familien. Vi bestemte oss rett og slett for å stikke av til hytta og feire dagen der, istadenfor å feire på Stord. Det skjer ikkje så mykje på 17.mai på Stord likevel. Det var var litt upraktisk å ta med seg bunaden til hytta, så eg tok heller med meg speidarskjorta, så då fekk eg feire 17.mai i speidarskjorte, sjølv om eg ikkje fekk gå i tog med speidaren. Men tog vart det likevell. Vi hadde nokre hyttenaboar som og var på hytta denne dagen, og då vi begynte å gå i tog, hang dei seg på, så det var tog likevel.


    Starta dagen med flaggheis klokka 08:00




    Vi måtte jo og lage våre eigne 17.mai leikar, så ein av dei var luftgeværskyting

    Alt i alt hadde vi ei super 17.mai feiring på hytta!

    -avex♥

  • 0

    Vêrfast på hytta

    Eller kanskje ikkje heilt, men det bles vertfall veldig friskt, og det har det gjordt heile dagen i går og fram til no. Sidan vi reiser til og frå hytta med båt, så er vi litt avhengige av fint vêr når vi skal reise. Det er ikkje det at det er noko problem å reise i denne vinden eigentleg, men det er ikkje så kjekt å reise i mykje vind, så vi skal vente litt og sjå om det vert mindre vind seinere i kveld. Dersom det fortset som no, vil vi heller reise heim i morgon då det er meldt ein del mindre vind då(det er no ca 15m/s her og i morgon er det medlt 8-9m/s). Så vi må eigentleg berre vente og sjå korleis vinden utviklar seg, så er det berre å slappe av og ete litt påskegodt i mens vi ventar.



    Kva har de gjordt i påsken?

    -Avex♥

  • 0

    Eg er ikkje klar for dette

    Vi er komen til februar. Faktisk så er vi snar ferdige med februar, og det er snart mars. Det er snart mars og søknadsfrist for oss som skal søke på skular. Dette er noko eg har gått og tenkt på i lang tid, og eg veit enda ikkje sikkert kva eg vil etter 10. klasse. Eg har søkt på tre skular i hordaland, men eg er ikkje sikker på at det er dette eg vil. Det trur eg ikkje eg vil vere før eg byrjar på skulen til hausten. Men no har eg i alle fall gjordt eit val, og eg trur ikkje eg kjem til angre på det, uansett kva skule eg kjem inn på.

    Og til de som lurar, så er det desse skulane/linjene eg har søkt på:



    Til de som går i 10. klasse: Kva skular og linjer søkjer du på?

    -Avex♥

  • 0

    Colours

    -Avex♥

  • 4

    Welcome 2016

    Godt nyttår alle saman!

    No er det endeleg 2016. Nytt år, nye moglegheiter! Tusen takk for året som var, og la oss håpe at 2016 blir eit like fantastisk år!

     

    -Avex♥

  • 2

    2015 Memories

    No som 2015 snart er over tenkjer eg at eg vil oppsummere litt kva som har skjedd i 2015, både små og store ting som eg har opplevd.

    I februar var den første dagen kor vi fekk utnytta snøen skikkeleg, og denne gongen på Lundarstølen, ein fin turstad oppe på fjellet. Her vart det 1. februar arrangert kom deg ut dagen, med bål, grilling, ski, aking og mykje kjekt for både store og små. Familien Vedøy tok turen opp hit denne dagen, og eg fekk starta friluftsåret 2015 skikkeleg denne dagen!

    Den andre ''store'' tingen eg var med på i februar var ein klassetur som vart arrangert av klassekontaktane våre. Dette er ein tur som vi hadde både i 8. og 9. klasse, og skal gjentakast i 10. klasse også! Vi reiste opp på Seljestad, og leigde ei hytte der. Her var det lysløype for dei som ville stå på ski, akebakker og berre 10 minuttars køyretur inn til Røldal skianlegg. 

    I mars var eg i London saman med ein gjeng andre konfirmantar på tur. Her var vi i fem dagar for å lære om mellom anna sjømannskyrkjene og arbeidet deira, samstundes som vi fekk oppleve London!

    Så er vi komen til mai, og konfirmasjon. Dette er ein dag eg hadde gleda meg til lenge, og det vart ein kjekk dag som eg fekk feire saman med familie og venner.

    Juni var nok ein av dei månadane eg har fått flest minner frå i år. Denne månaden var eg på Norsk Roland, kor eg fekk mange nye venner og mykje ny lærdom. Og ikkje minst så fekk eg feire bursdagen min her saman med mine nye venner. Dette er definitivt ein av dei beste minna frå 2015.

    DCIM\100GOPRO\G1530326.

    I juli reiste familien Vedøy på tur til mormor, og var der i rundt to veker. Her fekk eg oppleve mykje nytt og spennande. Eg fekk blandt anna vere med på ''tall ships races'', eg fekk sjå trollstigen, og ikkje minst gjekk eg og mamma romsdalstrappa opp til rampestreken.

    I august fekk eg mellom anna vere med å sjå sommarbåten då den var på Leirvik, og eg fekk vere med på mange kjekke turar både åleine og saman med andre, og dette er ein månad somvart spessielt prega av friluftsliv!

    September månad sitt høgdepunt var definitivt turen opp på Trolltunga saman med mamma, ein tur eg hadde gått og drøymd om i lengre tid, og som endeleg var gjennomført!

    I oktober fekk eg, for første gong, reise ut på hytta åleine og sove i telt. Det var ikkje så langt vekke frå hyttene eg telta, men eg fekk i alle fall prøve ut det å vere på tur åleine, og det var ei veldig fin oppleving!

    I byrjinga av desember reiste eg og mamma til praha! Dette var noko eg hadde gleda med til veldig lenge, og det vart ein veldig fin tur, og noko eg definitivt ville ha gjordt igjen!

    Alt i alt vil eg seie at 2015 har vore eit år som eg ikkje kjem til til å gløyme med det første. Eg har blitt kjend med mange nye, og fått venner for livet, og eg håpar at 2016 vil bli like bra som 2015!

    Kva er ditt beste minne frå 2015?

  • 2

    Julaften 2015

    Då var julaften 2015 overstått. Eg hadde dessverre ikkje tid til å blogge i går, då eg ville tilbringe dagen saman med familien, men eg har i alle fall hatt ei heilt fantastisk julefeiring! Eg tok dessverre heller ikkje mykje bilete, men nokre få vart det i alle fall.

    Eg starta dagen med å hente pakken i nissestrømpa mi, før eg gjekk ned til dei andre slik at vi kunne spise frokost i lag. 

    Seinare spiste vi graut før vi gjekk i kyrkja klokka halv tre. Eit par timar seinere fann vi fram pakkane, før vi spiste middag, og så åpna vi pakkar etterpå 




    Eg fekk veldig mykje fint, og eg vart veldig fornøgd med alt eg fekk.

    Fortel gjerne om di julaften i kommentarfeltet under! 

    -Avex♥

  • 2

    Kvelden før kvelden

    Tenk at om berre tre timar er det den 24. desember! Eg føler at desember har gått skikkeleg fort i år. Eg føler at det akkurat var 1. desember. Men det er altså julaften i morgon, og eg tenkte det var på tide å pynte litt, så idag har eg rydda på rommet mitt og satt opp juletreet mitt. 



    Kor tid pyntar du juletreet?

    -Avex♥

  • 2

    Christmas is comming

    Tenk at vi allerede er halvvegs til jul! Eg har dei siste dagane handla ein del julegåver, og no har eg faktisk berre to igjen. Eg kjenner eg er veldig klar for juleferie no, så den kan berre komme. Dessverre får eg ikkje ferie før 21. desember, så det er vel berre å smøre seg med tolmodiheit og vente på jula.





     

    -Avex♥

  • 2

    Praha 2015 (bilete)










    -Avex♥

  • 4

    Julegateåpning

    Tenkte det var på tide med ei lita oppdatering frå meg no...

    Idag har eg, mamma, pappa og Elias vore på Leirvik på åpninga av julegata. Der skulle dei tenne lysa i eit ''tårn'' og i eit juletre som står midt på torget. Vi var der ikkje så lenge, men det var koseleg å høyre julemusikk og komme litt i julestemning. 


    På veg tilbake til bilen var vi innom og kjøpte oss drikke på 59grader(ein ''kafè''/ starbuck etterligning). Eg og mamma kjøpte. ein noko skuffande, varm sjokolade. Vanlegvis er dette verdens beste kakao, men den smakte berre ikke som den brukar å gjere... Men det var noko varm å frikke, og det smakte ikkje så alt for verst, så det fekk duge.

    Alt i alt så har det vore ein kjekk dag, sjølv med temeraturar rundt null grader. 

    Kva har du gjordt idag?

    -Avex♥

  • 10

    Livet mitt akkurat no

    Livet mitt akkurat no er faktisk veldig bra. Eg har funne min plass i samfunnet, og eg har funne mine vennar. Dei som støttar meg uansett kva som skjer. Dei som alltid er der for meg, og det er dei eg kan vere 100% meg sjølv med. Eg har og funn ut kven som ikkje er mine ekte vennar. Eg har funn ut kven som berre er der når DEI treng hjelp med ei matteoppgåve eller som vil skrive av leksa fordi dei ''ikkje hadde tid til å gjere ho''. Eg følar verkeleg at eg har funn min plass, og eg eg veldig fornøgd med livet mitt akurat no!

     

    -Avex♥

  • 1

    Beste bilete frå weheartit

     

    londongirl

    kissnails

    quotelife

    perfectioncamera

    -Avex♥

     

  • 2

    Bakgrunnsbilete på pcen min

    Først må eg berre få seie at grunnen til at eg ikkje har blogga dei siste dagane er at eg har vore veldig oppteken med ''prøveeksamen'. Men eg skal prøve å bli flinkare til å fokusere meir på bloggen sjølv om det er mykje anna eg må gjere også.

    Men ja.. Her er i alle fall bakgrunnsbiletet på pcen min:

     

    -Avex♥

     

  • 1

    Ting som irriterer meg ved gutar

    1. Dei ser alltid på oss jenter som svakere. Dei trur berre ikkje på at vi kan vere like sterke som dei.

    2. Kommemtarar som "har du mensen eller?" Kvar gong du er irritert eller sur for noko.

    3. At dei bryr seg så mykje om utsjånad på jentene dei skal vere saman med. Det er jo innsida som tel.

    -Avex♡

  • 2

    Korleis har eg forandra meg?

    Eg føler eigentleg at eg her skulle ha skrive eit langt innlegg om korleis eg har firandra meg som person gjennom åra, men kven har vel tid til slikt?

    Så i alle fall... No er eg femten år, og sjølv om eg ikkje har levd så forferdeleg lenge, har eg opplevd mykje som har forandra meg som person.
    Eg har ofte tenkt på korleis livet mitt f.eks. ville ha vire dersom eg valde å firtsette på den ungdomsskulen som eg eigentleg skulle gå på. Eller korleis eg hadde vore som person dersom eg aldri starta i speidaren. Eller korleis livet mitt ville ha vore dersom eg ikkje hadde starta med musikk.

    Eg har gjennom livet teke mange val som har vire med på å forme meg som person. For eksempel var eg ikkje interessert i friluftsliv før eg starta i speidaren. Dersom eg aldri hadde starta der,hadde det vore mange herlige folk som eg ikkje hadde blitt kjend med.

    Dersom eg aldri hadde byrja å spele musikk, hadde eg kanskje aldri følt at eg meistra ein spessiell ting her i livet.

    Desse tinga er sånn som har forandra meg etter eg byrja med dei, og eg tippar eg kjem til å ta mange val framover som endrar livet mitt totalt, men eg trur det er veldig viktigt. Eg trur det er bra med litt forandring av og til, anten ein likar det eller ikkje.

    -Avex♡

  • 0

    Rare ting eg gjer når eg er åleine

    1. Danse rundt som eim galning på golvet, sjølv om eg veit eg ikkje kan danse.

    2. Synge så høgt eg kan og håpe at ikkje naboane høyrer meg...

    3. Ta masse rare selfies, for så og slette dei etterpå i frykt for at nokon skal sjå dei.

    4. Skli rundt på golvet, berre fordi det er gøy!

    Dette er nokre ting eg gjer når eg er åleine. Kommenter gjerne rare ting du gjer når du er åleine...

    -Avex

  • 9

    Det beste biletet av meg og besteveninna mi

    -Avex♥

     

  • 0

    5 ting eg likar med meg sjølv

    1. Håret mitt. Eg har aldri før vore fornøgd med håret mitt, men eg har faktisk innsett at det er ganske fint...

    2. Neglene mine. Rett og slett fordi dei er ganske sterke, og kan bli veldig lange.

    3. Eg er flink til å lytte. Om andre fortel meg noko, prøvar eg å lytte til kva dei seier, sjølv om eg kanskje ikkje er så interessert i det dei seier.

    4. Eg klarar emg greit på skulen. Kanskje litt rart punkt, men noko eg er veldig glad for. Eg klarar meg greit på skulen, og får heilt greie karakterar!

    5. Eg er god til å skrive. Eg får ofte vite av andre at eg skriv veldig godt, noko eg er veldig fornøgd med!

     

    Dette var fem ting som EG likar med meg sjølv. Kommenter gjerne under noko du likar med deg sjølv!

    -Avex♥

  • 2

    Eit bilete av meg for eit år sidan...

    Veldig uklart, meeen.. who cares?

    -Avex♥

  • 4

    5 tilfeldige fakta om meg

    Ja, så eg skulle starte challengen i går, men eg fekk ikkje tid, då eg måtte øve til ein stor samfunnsfagsprøve.. Men no er eg tilbake igjen! Så her er fem tilfeldog fakta om meg!

    1. Eg har berre reist utanlands ein gong i heile mitt liv, og det var i år då eg var på kanfirmanttur til London.

    2. Høsten er mi favorittårstid, ingen insekt eller krypdyr som er ute, og det er snart vinter!

    3. Eg likar ikkje kebabpizza.

    4. Den siste boka eg leste var let it snow av John Green, Maureen Johnson og Lauren Myracle.

    5. Eg må alltid ha minst to puter i senga mi når eg søv, medan når eg er på tur kan eg godt klare meg uten puter.

    Dette var i alle fall 5 tilfeldige fakta om meg, så håpar eg de likte dei! Kommenter gjerne nokre fakta om deg under!

    -Avex♡

  • 5

    24 timars livestream

    I går klokka 10:00 starta eg å sjå på ein ''livestream'' på youtube, som Prebz og Dennis styrte på Flippklipp sin kanal. Poenget var eigentleg berre å ha ei direktesending på 24 timar kor dei skulle ha mange gjestar, spele spel, gjere utfordringar, og mykje anna gøy! Planen var at eg skulle sitje opp heile natta og sjå på, men då eg vakna klokka 4 skjøna eg jo at det ikkje hadde gått... Men eg var i alle fall vaken til rundt klokka to, og så sove eg berre ca. 3 timar, så eg gjekk ikkje glipp av alt for mykje.




    Så det er eigentleg berre det eg har gjordt på i helga...

    Kva har du gjordt i helga?

    -Avex♥

  • 1

    10 days challenge

    Hei!

    Etter litt om og men, har eg bestemt meg for å ha ''10 days challenge''. Rett og slett for å få litt liv her på bloggen. Eg er ikje så flink til å hugse å blogge i vekedagaen. Og dei dagane eg faktisk hugsar det, skjer det ingenting interessant å blogge om... Så i morgon startar eg på utfordringa, så håpar eg de er spente på det!

     

    -Avex♥

  • 0

    JOTA-JOTI

    Frå igår til idag har eg, saman med speidargruppa mi, vore på jota-joti på felles arangement for speidarar på Karmøy.

    Det var eigentleg heilt annleis enn eg hadde trudd, men det har vore kjempekjekt å vere med på.

    Sidan eg ikkje har sove i natt, så er eg skikkeleg trøytt, og har tenkt å legge meg snart. Så satsar eg på at eg er opplagd i morgon!

    Dette blei berre eit kort innlegg om helga, men skriv gjerne kva du har gjort i helga under!

    -Avex

  • 7

    Eg vil lese din blogg!

    Eg har rett og slett blitt ganske lei dei bloggane eg fylgjer og vil gjerne finne nye bloggar å lese. Kommenter gjerne under, så kan eg lese din blogg!

     

    -Avex♥

  • 6

    Friday Night

    Guro har no vore her ein heil dag, og eg skal ikkje akkurat skryte over at vi har gjordt så mykje, men vi har hatt det kjempekjekt!

    No er vi komt ut på hytta, og har no faktisk vore ute og prøvd ut noko nytt som Guro hadde kjøpt til meg i Polen, saman med ein pakke Skittles.


    Guro kjøpte ei sånn greie som lyser, og som du skal skyte opp med strikk, så snurrar den i lufta.. (Har ikkje peiling på kva det heiter...)



    Vi hadde det veldig kjekt når vi først fekk det til, uten å treffe fingrane våre når vi skulle skyte den.. Heilt til vi klarte å miste strikken... Meen vi skal leite meir etter den i morgon når det er blitt lyst, ellers så brukar vi berre ein strikk som vi har her.

    Ellers så har vi berre vore her inne i hytta og vert usosiale, og spist usunn mat...


    Kva har du gjordt idag?

    -Avex♥

  • 0

    Friday morning

    I går kveld fekk eg besøk av Guro, som skal vere her til i morgon. Vi har akkurat stått opp og spist frokost, så no sit vi eigentleg berre på rommet mitt med kvar sin pc og mobil, og bloggar, er på fb osv.. 

    Eg har berre sett på ein video på youtube, og ellers så har vi ikkje gjort noko spessielt enda.

    Seinere idag så skal vi på hytta saman med familien min, så eg håpar det blir kjekt.

    Kva skal du idag?

    -Avex♥

  • 6

    Litlebror er 12 år!

    Idag er litlebroren min 12 år, og vi har feira dagen med kaker og kaffi saman med familien. Mamma hadde baka ein del typar kaker, og nokre muffins.


    Butterdeig med vaniljekrem og jordbær på toppen.


    Ostekakemiffins med jordbærsyltetøy og sjokolade på toppen.


    Dette er ei slags fromasjkake, eller noko...




    Marsipankake.

    Det er for det meste dette eg har gjordt idag.

    Kva har du gjordt idag?

    -Avex♥

  • 2

    Vi lev i ei digital verd

    Det er sånn det har blitt. Eg synest det er trist å sjå på at ''alle'' er blitt totalt avhengige av mobil og internett. Eg synest det er trist at ingen lenger er ute og leikar saman etter skuletid. I staden for å ringje på dørklokka når ein er utanfor huset til kompisen/venninna, sender ein no melding til han/ho om at ein står utanfor. Det er ingen lenger som ringjer på dørene til kvarandre utan først å ha sjekka om dei faktisk er heime. 

    Det verste eg veit er når dei eg er med skal site på mobilen heile tida. Dersom eg er heldig snakkar vi kanskje litt saman, før dei forvinn inn i den digitale verda igjen. Eg hatar når folk er usosiale, ja, for det er faktisk ikkje sånn at sjølv om du er på facebook eller snapchat og snakkar med nokon, så er det akkurat som om du snakkar med dei i verkelegheita. Det er ikkje sosialt å leve i ei digital verd, uansett kor mange vennar du har på facebook eller kor mange følgjarar du har på instagram. Eg hatar å vere saman med folk som er heilt oppslukt i mobilen heile tida, og som må sende melding til meg for å seie noko, i staden for å seie det ''face to face''. 

    Vi lev i eit samfunn kor antal ''likes'' du får på facebook eller instagram, eller kor mange følgjarar du har på instagram betyr alt. Ein kan ikkje lenger t.d. flytte til ein ny stad og forvente å få ein ny start. Alle kan på førehand gå inn på facebookprofila di og sjå kor mange ''likes'' du har på profilbilete ditt. Dei kan sjå kva som er skrive om deg på profila di, og dei veit på førehand om dette er ein person dei vil vere venn med eller ikkje, ut i frå kor populær du er på sosiale media.

    Då eg var på Roland vart eg kjend med ein fantastisk person som inspirerar meg utruleg mykje. Ho har ikkje nokon sosiale media, og ho fortalde og at ho ikkje fekk mobil før ho var 14 år, og sjølv då ville ho eigentleg ikkje ha den. Det var berre foreldrene som ville at ho skulle ha den slik at både dei og andre lettar skulle kunne få tak i ho dersom det var noko. Ho fekk meg til å tenke på dette med kor mykje tid vi faktisk brukar på sosiale media, og kor mykje vi går glipp av når vi sit framfor ein skjerm heile dagen i staden for å vere ute saman med vennar, og ha det kjekt utan skjermar. Eg har faktisk, etter eg vart kjend med ho, begynt å prøve å bruke mindre tid på mobil og internett, og det føles faktisk ganske deilig å ikkje vere ''avhengig'' av mobilen. Eg koplar meg sjeldan på internettet på skulen lenger, fordi eg veit at då er det lettare for at eg brukar mobilen meir.

    Bilderesultat for social media teenagers

    Eg skulle verkeleg håpe at fleire ungdommar var som ho eg møtte på Roland, sjølv om eg trur at det er litt for mykje å be om, for det er nok slik at når ein først er vorten avhengig av internett, så er det ikkje så lett å slutte med det.

    Fortel meg gjerne kva du meinar om dette!

    -Avex♥

  • 1

    Topp 10 sangar

    1. Shadows of the past

     

    2. Feels like home

     

    3. Superheroes

     

    4. Closer - Asker

    5. Brother

    6. When I was your man

    7. See you again

    8. The A Team

    9. Somewhere only we know

    10. Thinking out loud

    Kommenter gjerne nokre av dine favorittsangar i kommentarfeltet under!

    -AvexY

     

  • 2

    Kva lurar du på?

    Det er ei stund sidan eg har hatt spørsmålsrunde her på bloggen, så eg tenkte det var på tide å ha ein! Så kommenter gjerne spørsmål under om det er noko du lurar på!


    -Avex♥

  • 0

    Sekken er ferdig pakka, og eg er klar for min første skikkelige "langtur"

    Etter eg kom heim frå skulen har eg brukt heile dagen på å pakke til det som skal bli ein fantastisk tur! I morgon skal nemlig eg og mamma på topptur og sove i telt, og eg gler meg kjempemasse! Eg har aldri vore på dette fjellet før, så eg gledar meg kjempemykje!

    Eg håpar i alle fall at det blir ein bra tur!

    Kan du gjette kor eg skal? Skriv gjerne nede i kommentarfeltet om du har lyst til å gjette!

    -Avex♡

  • 0

    Smooth-it

    Sidan det snart er tid for skulestart igjen, så tenkte eg at eg kunne dele ei ''oppskrift'' på ein veldig god smoothie, som er perfekt som niste, dersom du ikkje er så glad i vanleg niste. 

    Eg brukar blendaren til OBH Nordica, med flasker som du lagar smotthien i.

    Det du treng:

    Ca. 1,5 dl smoothieblaning(blåbær,banan og bringbær)

    Ca 2 jordbær(Frosne)

    3 ss vanilje youghurt

    Ca. 4 dl eplejuice(eller så mykje du treng for å få passeleg konsistens)

     

    Så er det eigentleg å berre blande til du synest den er nok blenda, og du er klar for å gå på skulen.

    Kva likar du best som niste på skulen?

    -Avex♥

  • 6

    And I think to myself...

    What a wonderful world...

    Idag har det faktisk vore sommar. Tru det eller ei, men det må ha vore godt  over 20 grader, og sol stort sett heile dagen. Så vi bestemte oss for å ta middagen i båten og reise ein tur ut på hytta slik at vi fekk møte søskenbarnet til pappa i år også. Så vi var innom på butikken og kjøpte eit par ting til kveldsmaten før vi reiste over. Det var faktisk heilt vindstille, og nesten ingen båtar, så det blei ikkje mykje bølger på oss heller.




    Seinare på kvelden spiste vi kveldsmat saman, før vi reiste heim igjen. Så no er eg akkurat komt heim...

    Kva har du gjordt på idag?

    Har du hatt fint vêr?

    -Avex♥

  • 8

    Nokre få innkjøp

     Eg og mamma har vore ein liten tur på butikken for å kjøpe nokre få ting, og eg tenkte at eg kunne dele med dykk det er har kjøpt.






    Buksa er fra Spar kjøp 100,- 

    Gensarane er fra Sport Outlet 250,- pr. stk

    Kva synest du om innkjøpa?

    -Avex♥

  • 2

    Stormfullt

    No er eg på hytta, og sidan eg ikkje har hatt stort å gjere dei siste dagane, så har eg ikkje tatt meg tid til å blogge noko særleg, men eg tenkte at eg kunne i alle fall komme med ein kor mobilblogginnlegg.

    Dei siste dagane har vi faktisk hatt ganske fint vêrviss ein ser vekk i frå at det har vore nokre få regnbyger enkelte dagar.

    Idag regnar det heldigvis ikkje, men det er sterk vind, og kaldt å vere ute. Eg hadde tenkt meg ein tur ut å gå litt, men eg får sjå litt seinare om vinden løyar litt meir.
    Eg veit ikkje sikkert kor mukje vind det er no, men det er meldt opp i styrke 17, så det er nok ein del.

    Heldigvis så er det varmt og godt inne i hytta, så vi ikkje frys! Så her kan eg sitte og kose meg med ei god bok eller ein youtube video(sjølv om internettet ikkje er særleg å skryte over...).

    Kva har du gjort idag?
    Er det fint vêr der du er?

    -Avex♡

  • 0

    Tall ships' race

    Denne månaden er det tall ships' race, og dei er no i Ålesund. Så i denne annledning bestemde vi oss for å ta ein tur til byen for å sjå på båtane.

    Vi reiste inn dit slik at vi var der når det starta klokka ti, og har vore både der og litt på moa heilt til no. Eg trur eg fekk teke ein del bilder, som eg faktisk blei fornøgd med, som eg tenkte å dele med de no.











    Alt i alt så har eg fått opplevd mykje, sett mange båtar og hatt det veldig kjekt heile dagen!

    Har du vore på Tall ships' race nokon gong?

    -Avex♥

  • 0

    Ein treng ikkje alltid å gå til topps

    I går hadde eg tenkt meg på ein liten fjelltur, opp på Gamlemsveten. Så eg pakka tursekken og drog i veg. Eg byrja å gå litt oppover på fjellet, og bestemte meg fort for at dette ikkje var kva eg hadde førestilt meg. Eg hadde ikkje tenkt å gå nokon tung topptur, men ein koseleg liten kveldstur, så eg snudde enkelt og greit, og gjekk ned igjen til startpunktet.

    Der såg eg ein grusveg som gjekk innover ein annan retning, og når nysgjerrigheten tar overhånd, så er det ikkje noko anna å gjere enn å finne ut kva som skjuler seg bak den neste svingen. Så eg byrja å gå innover, utan å eigentleg vite kvar eg ville ende opp. Etter ei stund kom eg til ei fotballbane og ei lita hytte.


    Eg gjekk enda litt vidare etter dette, men før eg var komt meg til enden av vegen, fann eg ut at det var begynt å bli litt seint, så eg snudde og gjekk tilbake. Sjølv om eg ikkje gjekk så langt, så hadde eg ein veldig fin tur, og det er det aller viktigaste.

    -Avex♥

  • 4

    Snart sommarferie!

    No er det ikkje lenge igjen til sommarferien, og eg gler meg kjempemykje til det. Eg har ein nokre planar, og eg er veldig spent på korleis det blir. Før sommarferien har vi revy, som vi snart er ferdige med, og i tillegg til det så har vi to fridagar igjen, ein fordi 10.klasse skal ha munnleg eksamen, og ein fordi vi var på telttur i gymmen. Så no er vi eigentleg ferdige med vanlege fag i 9. klasse, og det er nesten berre kos igjen. Ingen lekser og ingen fag. 

    Eg ser fram til å få sommarferie, og eg har sett gjennom gamle bilder fra andre sommarar, og lengta tilbake til dei. 


    Eg klarar snart ikkje å vente lenger. Eg må ha ferie snart! Vi får ferie 19.juni, og det er berre 5 skuledagar igjen til!

    Kor tid får du ferie?

    -Avex♥

  • 2

    Jobbveke

    Denne veka har vi arbeidsveke på skulen vår. Eg har valt å jobbe på eit settefiskannlegg/fiskeoppdrett. Dette er min andre dag, og eg elskar jobben allereie.

    (Bilder fra snapchat-storyen min)

    Har du/har hatt arbeidsveke?
    Korleis var det?
    Skriv gjerne litt om det i kommentarfeltet.

    -Avex♡

  • 0

    Spanskøving i solnedgongen

    No sit eg og øvar til spanskprøven som eg skal ha i morgon. Eg håpar ikkke den blir så vanskeleg, men eg gjer mitt beste.

    Heldigvis fekk eg sånt fint lys frå solnedgongen til å øve i.

    Kommenter gjerne kva du skal gjere på skulen i morgon, om det skjer noko anna enn det vanlege.

    -Avex♡

  • 3

    Tivoli

    No i helga har vi hatt besøk av Lunds Tivoli her på Stord. Eg var der saman med familien min i går. Eg var eigentleg litt skuffa over at "go2gate" ikkje var der, men vi hadde ein kjekk dag likevel.

    Eg prøvde berre to forskjellige karusellar og morohuset. Etterpå kjøpte vi popcorn og køyrde heim igjen.

    Er det tivoli der du bur?

    -Avex♡

  • 0

    Heimedag

    Idag har eg hatt heimedag i mat og helse, som vil seie at eg har vore heime ein heil dag for å lage middag og kveldsmat.

    Eg starta med å planlegge og handle inn varer til middagen, amerikansk lapskaus.

    Eg laga frå botnen, så eg starta med å skjere opp alle grønnsakene.

    Deretter kokte eg opp vatnet saman med buljong og salt, og hadde grønsakene oppi.

    Til kvelds laga eg grovt "bondebrød", og dekte på bordet med pålegg.

    Så skal mamma sjølvsagt vurdere korleis eg har gjort det, og gi vurderinga til læraren min.

    (Oppskriftene kjem i morgon)

    - Avex♡

  • 2

    Er du redd for å vere kristen?

    Det er mange barn og unge der ute som blir mobba. Dei blir mobba for at dei er kristne. For at dei er så dumme at dei trur det finst ein Gud. Og så er der mange som ikkje tør å seie at dei er kristne. At dei trur på Gud. Mange som ikkje tør å gå i kyrkja på søndagar fordi dei er redde for å bli mobba. Redde for kva dei andre vil tenkje og seie. 

    Eg er sjølv kristen, og veit at det ikkje alltid er like lett å seie til ein person; Eg er kristen. Men eg er det, og er veldig glad for det. Eg kjenner mange flotte menneske, som eg ikkje hadde kjent dersom eg ikkje var kristen. Eg har blitt kjent med mange nye gjennom ungdomskveldar på bedehuset, og gjennom kristen konfirmasjon. På Stord er vi så heldige å ha desse ungdomskveldane på bedehuset, kor du kan komme og vere deg sjølv. Der du ikkje treng å late som om du er ein annan. Ein stad der du kan vere deg sjølv, og ingen annan. Eg går ikkje lenger fast på desse kveldane, men eg synest likevel at det er eit flott tilbud for alle kristne ungdommar.

    Eg synest det er veldig viktig at ein som kristen ikkje gløymer ut kva som er viktig, og ikkje. Sjølvsagt er det viktig å ha gode vennar, som du kan ha det gøy saman med, men eg vil at du skal spørje deg sjølv: Støttar vennane mine meg som kristen? Hvis svaret er nei, vil eg ikkje seie at dei er så gode vennar som du trur. Dersom dei ikkje likar eller ikkje vil at du skal vere kristen, er dei ikkje særleg mykje å samle på. Vennane dine er dei som skal støtte deg. Stille opp for deg, og ikkje vende ryggen til deg berre fordi du er kristen. 

    Eg seier ikkje at ein som er kristen skal gå i kyrkja kvar søndag, eller at ein må vere med på kristne samlingar dersom ein ikkje vil, men det er veldig viktig at dersom ein har lyst til å gå i kyrkja ein søndag, så skal ein ikkje bry seg om kva alle andre tenkjer om det. Og dersom nokon er i mot at du er kristen, er dei ikkje menneske som er verdt å ha i livet sitt.

    Kommenter gjerne under kva du meiner om dette.

    - Avex♥

  • 2

    No ventar eg på våren

    No er vi kome til april. Den andre vårmånaden. Likevel har eg ikkje nokon følelse av at det er vår. Det regnar ofte. Nesten kvar dag. Dei dagane det ikkje regnar, er det som regel overskya. Og så har vi nokre dagar med sol. 

    Eg var på hytta i påskeferien, og hadde venta meg fine dagar med sol, som yr hadde fortald meg at vi skulle få. Det var ikkje mange dagar utan regnbyger, og vind. Eine dagen hadde vi både snø, vind, regn og sol. Alle fire årstidene på ein dag! 

    No ventar eg berre på våren. Finare vêr. Mildare dagar. Eg håpar den kjem snart, for no er eg lei av å vente! 



    - Avex♥

  • 4

    Konfirmanttida mi

    I år er eg konfirmant, og sidan eg er kristen, konfirmerar eg meg kristent. 

    Rett etter somaren i fjor, starta eg mitt år som konfirmant. Eg hadde ikkje høge forventningar for året, og visste vel ikkje heilt kva eg bega meg ut på. Eg både gledde meg og grua meg, og var veldig spent på korleis året som konfirmant skulle bli. Konfirmantundervisninga var heilt grei. Eg veit ikkje heilt kva eg hadde forventa, men det var veldig annleis enn det.

    Gjennom året har vi delteke på ulike gudstenestar, og andre ting. Eg har blandt anna vore med å samla inn kollekt, lese tekstar og vere med på førebuingar og pynting til gudstenester. 

    Så kom det eg hadde gleda meg mest til gjennom heile året, nemleg Londonturen!

    Vi reiste frå Karmøy lufthavn onsdag 18. mars til Stansted i London, og tok buss til sjømannkyrkja. Her fekk vi utdelt romma som vi skulle sove i, og fekk byrje å pakke ut. Seinare på kvelden, gjekk vi til London Eye og Big Ben. I London eye var vi inndelt i 2 grupper, gutar og jenter, som hadde kvar si vogn. 

    Seinare på kvelden kom og dei frå Bergen, som skulle vere der saman med oss. 

    Då vi var i London fekk vi og sjå monge andre attraksjonar.


    (Fekk ikkje bilete rett veg)

    Natt til måndag 23. mars måtte vi seie hade til London og reise heim. Vi tok flyet frå Gatwick i London til Flesland I Bergen, og tok ferga heim til Stord. Eg var heime ca. 02:30 natt til måndag. 

    I kveld var eg på den siste konfirmantundervisninga mi. Vi har oppsummert, snakka og hatt ein quiz saman. Eg har og fått med meg konfirmantbibelen heim, noko eg var glad for fordi eg ikkje hadde nokon nynorsk Bibel frå før. 

    Det einaste som er igjen no er konfirmantfest, øving til konfirmasjonen og sjølve konfirmansjonen. Eg kjenner at eg er veldig spent på korleis det blir, og gledar meg veldig mykje til konfirmasjonen min den 10. mai. 

    Eg har lært mykje gjennom konfirmattida, både og Bibelen og Gud og Jesus. Eg veit ikkje kva eg vil vidare no, men eg har planar om å gå på MILK kurs i høst, dersom det passar. 

    Dette har vert mine opplevingar og høgdepunkt frå konfirmanttida.

    Dersom du er eller har vore konfirmant, kan du gjerne fortelje litt om dine opplevingar i kommentarfeltet. Så snakkast vi snart igjen!

    - Avex♥

     

  • 2

    God påske!

    Heei!
    Nå er jeg tilbake på bloggen, og jeg håper nå at jeg skal klare å blogge litt oftere...
    Idag er det påskeaften, som vil si at det er lørdag og påskeegget ligger klart til å spises. Nå er det jo ikke påskeegget påsken handler om, men det må være lov til å kose seg litt ekstra.

    Jeg håper dere får en fantastisk påske videre! Og så snakkes vi igjen senere!

    -Avex♡

  • Anette Vedøy

    Hei! Eg er ei Jente på snart 17 som kjem frå ei lita øy på Vestlandet som heiter Stord. For tida er eg busett på Stranda, kor eg går på internatskule. Her vil du kunne lese om livet på internat, friluftsliv, foto, reise og alt anna som måtte oppta kvardagen min.

    Kategorier

    Siste innlegg

    Design og koding: Ina Anjuta



    hits