Kvifor friluftsliv? (A N E T T E | V E D Ø Y ♥)
HEIM ADD OM MEG INSTAGRAM

3

Kvifor friluftsliv?

Dei aller fleste har funne ein ting som er deira hobby. Min er friluftsliv. Eg har monge gonger tenkt gjennom kva som eigentleg er grunnen til at eg er så glad i å vere ut i naturen og å vere på tur. Sanninga er at eg ikkje eigentleg veit heilt kvifor eg likar dette, og eg skjønar ikkje heilt kvar interessa kjem frå. Eg kjem ikkje frå ein typisk friluftsfamilie, og har ikkje vokst opp i eit telt. Det er ei interesse som har kome etter eg byrja i speidaren i 2010. Der fekk eg oppleve å sove i telt, å vere på tur og berre det å bruke tid ute i naturen. Eg vart rett og slett forelska i friluftslivet av ein eller annan grunn.

Eg trur kanskje det kan vere noko med det at naturen er så fredeleg. Den er så stille og roleg, alt går så sakte framover, og når ein er ute i naturen kan ein ta livet med ro, og berre nyte dei små augneblinka. Ein kan sitje ute, på ein stubbe, og nyte musikken frå fuglar. Vinden som raslar i tretoppane. Dyr som luskar rundt i krattskogen. Den sildrande bekken. Det er så mykje fint med naturen, så mykje ein kan sjå og høyra. Og eg trur det er alt dette som har fått meg til å like friluftslivet så godt.



 

Dei som ikkje likar det, tenkjer sikkert på det harde liggjeunderlaget som ein ofte søv på. Den tunge sekken ein dreg på. Dei kalde, kjipe dagane med regn. Insekta som stikk og bit. Sjølvsagt er dette og ein del av friluftslivet, og det er ikkje til å stikke under ein stol at dette kan vere med på å dra ned stemninga. Men om ein berre skal fokusere på det negative i livet, så er det ikkje mykje ein kjem til å oppleve som bra. Då vil ein ikkje få alle dei gode opplevingane som ein får om ein går inn i noko nytt med eit ope sinn, og tenkjer på det som er bra.


Har du nokon gong tenkt over kvifor du har akkurat dei interessene du har?

-Anette



  • 13.04.2017 kl.17:07
    Naturen er fantastisk, så skjønner godt hvorfor du har friluftsliv som hobby :)
    13.04.2017 kl.21:29
    Du har verdens beste hobby, syns jeg... prikk lik min.... det er alltid godt å være ute - det er rom for alt og alle. Klemmer <3
    13.04.2017 kl.21:35
    Skal ikke klage på norsk natur - den er helt fantastisk :)



    Kommenter her
    Tilkomstgruppen
    Design og koding: Ina Anjuta
    Anette Vedøy

    Hei! Eg er ei Jente på snart 17 som kjem frå ei lita øy på Vestlandet som heiter Stord. For tida er eg busett på Stranda, kor eg går på internatskule. Her vil du kunne lese om livet på internat, friluftsliv, foto, reise og alt anna som måtte oppta kvardagen min.

    Kategorier

    Siste innlegg

    Design og koding: Ina Anjuta
    hits