5 ting å gjere i påskeferien (A N E T T E | V E D Ø Y ♥)
HEIM ADD OM MEG INSTAGRAM

10

5 ting å gjere i påskeferien

Mange knyttar påska til skiturar i påskesol, kvikklunsj, appelsin og solo. Andre tenkjer at påska er ei fin tid for å ta ein tur med båten, slappe av på ei aude øy og berre nyte livet. Begge deler er veldig koseleg, og det er og mykje anna ein kan gjere i påska. Sjølv om vi allereie er halvvegs i ferien, er det framleis mykje ein kan finne på. Her er nokre ting eg tykkjer er veldig gøy å finne på når det er påskeferie. 

1. Gå deg ein tur på fjellet

Uansett vêr kan det vere veldig gøy å gå på ein fjelltur. Få med deg familien, vennar, eller rett og slett ta turen åleine. Finn ein fjelltopp som du ynskjer å gå på, gjerne ein du aldri har vore på før, pakk sekken og begynn å gå. Dette er ein god måte å både få litt trening i ferien, og å berre komme seg ut i frisk luft.

2. Besøk ei DNT-hytte

Ønskjer du å gå ein litt lengre tur enn berre ein dagstur på fjellet eller i skogen, kan du ta turen til ei DNT-hytte. Du kan finne di næraste DNT-hytte på ut.no  eller på UT-appen. Det er mange flotte turdestinasjonar, og du treng ikkje nødvendigvis å gå langt, nokre av hyttene tar berre ein time å gå inn til, og då får du og meir tid til hyttekos når du er framme. Ta med deg vennegjengen og ein kortstokk og legg ut på tur. Husk å alltid følgje fjellvettreglane.

3. Båttur

Om gåturar ikkje er heilt di greie, er ein båttur eit veldig godt alternativ til friluftsliv i påska. Om du ikkje har båt sjølv, kjenner du kanskje nokon som har ein båt du kan låne, eller nokon som ynskjer å ta deg med på tur. Grip sjansen og bli med. Ta gjerne med fiskestanga, så kan du sitje midtfjords med fiskestanga i handa og nyte den fine påskesola medan du drikk ei solo og kjenner den friske sjølufta som omfavnar deg. 



4. Gå på ski

Påska er høgsesong for skigåing, og om det er snø der du bur, er det ein fin moglegheit for å gå på ski, anten det er langrenn eller slalom. Finn ut kva du likar best og ta deg ein tur, anten i ei lysløype, på fjellet eller i eit skitrekk. Det er mange moglegheiter når det kjem til skigåing. Om du ikkje har eigne ski, er det alltids ein stad du kan låne eller leige ski for ein billig penge. Kom deg ut på ski og nyt den fine påskesola!

5. Påskeverkstad

Om vêret ikkje er på di side, eller du rett og slett ikkje orkar å vere ute av andre grunnar, er påskeverkstad eit fint alternativ. Inviter nokre vennar over, finn fram påskegodteriet og noko godt å drikke og kos dykk med å pynte påskeegg eller påskekyllingar. Det finst mange alternative ting der ute som ein kan lage, nyttige ting og ting som berre skal stå til pynt i denne fine høgtida. Søk litt rundt på nettet så fine du mange fine ting de kan lage. Her er mitt forslag: http://www.plusstid.no/Barn-og-familie/Fritid/Tid-for-paaskeverksted. Husk at det kan vere like gøy for vaksne, som born, å lage påskepynt!

Biletet er lånt frå nettsidene til ringerike kommune.

Har du andre tips til kva ein kan gjere i påskeferien?

-Anette



  • 12.04.2017 kl.14:40
    Mange fine tips!
    12.04.2017 kl.15:48
    Mange fine tips, ja.
    12.04.2017 kl.16:13
    Wow... kjempe bra innlegg og mange fine bilder<3 (eller har du tatt alle bildene selv?)
    12.04.2017 kl.17:32
    lovisevikingstad: Takk! Har tatt alle bilete bortsett frå det siste sjølv(står link til det under biletet)
    12.04.2017 kl.18:30
    Flotte tips. Her blir det iallfall skauturer, og mye kos! :-)
    12.04.2017 kl.20:26
    Margrethe: Takk! Så kosleg :D
    idfromscratch
    12.04.2017 kl.20:39
    Flotte bilder. Likte godt det med båt og sjø:-) imorgen skal vi sjøsette båten våres. Så håper på like godt vær som på bildet ditt. God påske:-)
    12.04.2017 kl.20:42
    idfromscratch: Tusen takk! Ja, får håpe du får fint vêr. Vi sjøsette denne oransje båten på mandag, så no er båtsesongen offisielt begynt! :D God Påske til deg og <3
    13.04.2017 kl.14:04
    Mangen bra tips :)
    13.04.2017 kl.14:05
    Anonym: Takk! :D



    Kommenter her
    Tilkomstgruppen
    Design og koding: Ina Anjuta
    Anette Vedøy

    Hei! Eg er ei Jente på snart 17 som kjem frå ei lita øy på Vestlandet som heiter Stord. For tida er eg busett på Stranda, kor eg går på internatskule. Her vil du kunne lese om livet på internat, friluftsliv, foto, reise og alt anna som måtte oppta kvardagen min.

    Kategorier

    Siste innlegg

    Design og koding: Ina Anjuta
    hits