Svar frå meg (A N E T T E | V E D Ø Y ♥)
HEIM ADD OM MEG INSTAGRAM

4

Svar frå meg

Har du nokon dyr?

Vi har ein hamster som heiter Edgard.

Kven er idolet ditt?

Eg ser veldig opp til Tonje Blomseth, Maria Grøntjernet, Lars Monsen og Cecilie Skog.

Kven fekk deg til å begynne å blogge?

Eg trur det var søskenbornet mitt.

Kor lenge har du blogga?

Trur eg har blogga rundt 5/6 år, men på to forskjellige bloggar.

Kor lenge har du hatt bloggen?

Eg er ikkje heilt sikker, men eg trur denne bloggen er omtrent 3 år.

Kvar kjem du frå?

Eg kjem frå Stord, og er både fødd og oppvaksen her.

Kor gammal er du?

Eg er 15 år.

Kva er det beste med stord?

Det er at dersom du vil vere åleine, så kan du det, men samstundes så er det ikkje så langt til ''byen'', kor du kan gå på kafé eller shoppe.

Har du kjæreste?

Nei

Kva er det beste med å ha blogg?

Det er det at eg kan uttrykkje med slik som eg vil på ei heilt eigen nettside, dersom nokon ikkje vil lese det, kan dei berre la vere å gå inn på bloggen.

Beste minne frå 2015?

Det er definitivt då eg var på Norsk Roland i sommar.

DCIM\100GOPRO\G1530326.

Kva gledar du deg mest til i 2016?

Dersom det passar at eg kan reise på Vinter Roland, er nok dette det eg gledar meg mest til.

Har du nokon nyttårsforsett?

Det har eg ikkje tenkt på enda, men eg trur ikkje det blir så mange då eg aldri klarar å halde dei likevel.

Kva likar du best av pinnekjøtt og ribbe?

Pinnekjøtt, då eg ikkje likar ribbe.

Kva gjer du på fritida di?

Eg går på speidaren, og så er eg veldig glad i å gå turar i skog og mark.

Kva er din favoritt farge og kvifor?

Det er blå og grøn. Blått minnar meg om havet og vatn, og grønt minnar meg om skog og friluftsliv.

Kva er den beste filmen du har sett og kva er det som gjer den så bra?

Eg trur det er bølgen då den er veldig spennande, og alt som skjer er realistisk.

Kvar fekk du ditt første turminne?

Eg kan ikkje huske mitt første turminne så godt, då eg sannsynlegvis var veldig liten, men den første eg kan hugse er ein tur opp på Gamlemsveten med pappa for nokre år sidan.

Viss du kanne valgt ein middag og dessert, kva ville det vore?

Viss eg ser vekk i frå julemiddagar, ville det nok ha vore laks og potetstappe til middag, og brownies med is til dessert.

 

Det var svar på spørsmåla frå dykk. Håpar de likte svara!

Kommenter gjerne under kva du gler deg til i 2016 og om du har nokre nyttårsforsett!

-Avex♥



  • 30.12.2015 kl.23:46
    Fine svar! :)
    31.12.2015 kl.12:09
    RebeccaHasselgard: Takk! <3
    31.12.2015 kl.13:06
    Godt nyttår! :-)
    31.12.2015 kl.13:10
    Marie Oma: Tusen takk! Og godt nyttår til deg og! <3



    Kommenter her
    Tilkomstgruppen
    Design og koding: Ina Anjuta
    Anette Vedøy

    Hei! Eg er ei Jente på snart 17 som kjem frå ei lita øy på Vestlandet som heiter Stord. For tida er eg busett på Stranda, kor eg går på internatskule. Her vil du kunne lese om livet på internat, friluftsliv, foto, reise og alt anna som måtte oppta kvardagen min.

    Kategorier

    Siste innlegg

    Design og koding: Ina Anjuta
    hits