Vinterkos (A N E T T E | V E D Ø Y ♥)
HEIM ADD OM MEG INSTAGRAM

6

Vinterkos

Endeleg er det vorte kaldt, og vinter. Vi er ikkje komen til desember enda, men eg har venta lenge på vinteren, og no er den her! Det er ikkje komen noko snø enda, men eg satsar på at den kjem snart, den og! 

Idag var det så fint vêr at eg rett og slett pakke sekken og gjekk ut til gapahuken i skogen og spiste middagen der. Eg fekk ikkje med meg nokon av dei andre i familien, men eg gjekk like så godt åleine. Det kan vere minst like koseleg det, å berre nyte naturen i fred og ro, utan andre tilstades. Det var ein del andre familiar der inne som og hadde tenkt det same som meg, men det er alltid koseleg å sjå at også andre går tur i skogen, og brukar gapahuken og bålpannene som er der. Eg hadde berre med meg pølser og pinnebrøddeig idag, men det kan vere like godt det som noko anna. Og det enkle er ofte det beste, er det ikkje det dei seier? 




Det var veldig deilig å komme seg ut på tur igjen, og alt i alt så har dagen vore heilt perfekt!

Kva har du gjordt idag?

-Avex♥



  • Guro
    22.11.2015 kl.18:18
    Bare slappet av
    22.11.2015 kl.19:49
    Helt herlige bilder :-) og så tur også .. musikk i mine ører....
    Heidrun
    23.11.2015 kl.18:24
    Kjempebra blogg, Anette! Ej digga den! :D
    28.11.2015 kl.18:08
    Koselige vinterbilder <3
    29.11.2015 kl.12:46
    Heidrun: Takk! <3
    29.11.2015 kl.12:46
    RebeccaHasselgard: Takk!



    Kommenter her
    Tilkomstgruppen
    Design og koding: Ina Anjuta
    Anette Vedøy

    Hei! Eg er ei Jente på snart 17 som kjem frå ei lita øy på Vestlandet som heiter Stord. For tida er eg busett på Stranda, kor eg går på internatskule. Her vil du kunne lese om livet på internat, friluftsliv, foto, reise og alt anna som måtte oppta kvardagen min.

    Kategorier

    Siste innlegg

    Design og koding: Ina Anjuta
    hits