Heilt åleine i mørket (A N E T T E | V E D Ø Y ♥)
HEIM ADD OM MEG INSTAGRAM

2

Heilt åleine i mørket

Natt til i går gjorde eg noko som eg hadde lenge både gleda og grua meg til. Eg hadde gleda meg mest sjølvsagd, men og grua meg litt. Eg skulle nemeleg sove i telt heilt åleine. Eg fekk endeleg lov til å sove i telt åleina, men då ikkje andre stader enn på der øya kor vi har hytte, for der er det ingen andre enn familie og slekt som er. Så eg pakka sekken og vart køyrd ut til øya med båt på søndag. Sidan mandagen var ein jobbdag for dei fleste, så fekk eg øya heilt for meg sjølv. Så når eg kom ut til øya, fann eg ein fin teltplass, og sette opp teltet.

Når eg var fedig med dette, fann eg litt ved så eg kunne lage bål, og lage meg mat.





Når det vart litt mørkare, og begynte å bli kveld, kunne eg kose meg ved bålet med solnedgangen ved sida, og sjølvsagd synge sangar frå speidarsangboka, før eg måtte flykte inn i teltet pga. ekstremt mykje mygg.




Etter ei natt med søvn, stod eg opp ca. klokka åtte, og det var då begynt å bli lyst, og etter litt om og men fekk eg til å tenne bål denne dagen og, sjølv om eg må innrømme at eg juksa litt, og var oppe i hytta for å hente tørr ved. då eg hadde gløymd at eg skulle tatt ved inn i teltet dagen før.


Denne dagen vart veldig fin, og eg fekk etter kvart sjå sola og, så eg fekk kost meg ein del nede på brygga.





Seinare fekk eg auge på ein merkeleg fugl, som eg ikkje visste kva var.

Det var også denne dagen laks til lunsj/middag, men etter å ha spist opp laksen, hadde eg litt nudlar igjen, så eg steikte ein hamburgen i terningar og spiste den i lag med resten av nudlane.




Etter eg hadde spist, og slappa av enda nokre timar på brygga, begynte eg å pakk, slik at eg var klar til pappa skulle kome og hente meg.



Etter denne turen, føler eg i alle fall at eg har fått gjort noko i høstferien, utanom å berre sitje heime og sjå på netflix og youtubevideoar.

Kor tid har du høstferie?

Kva har du gjordt/skal du gjere i høstferien din?

-Avex♥



  • 07.10.2015 kl.07:37
    Fine bilder! :)

    Hadde høstferie forrige uke.
    07.10.2015 kl.09:57
    Mai Sunsri: Takk!



    Kommenter her
    Tilkomstgruppen
    Design og koding: Ina Anjuta
    Anette Vedøy

    Hei! Eg er ei Jente på snart 17 som kjem frå ei lita øy på Vestlandet som heiter Stord. For tida er eg busett på Stranda, kor eg går på internatskule. Her vil du kunne lese om livet på internat, friluftsliv, foto, reise og alt anna som måtte oppta kvardagen min.

    Kategorier

    Siste innlegg

    Design og koding: Ina Anjuta
    hits