Hoppe i fallskjerm og ete sushi? (A N E T T E | V E D Ø Y ♥)
HEIM ADD OM MEG INSTAGRAM

4

Hoppe i fallskjerm og ete sushi?

Kva var det som fekk deg til å byrje å blogge?

Eg har eignelteg alltid likt veldig godt å skrive, og då eg fekk høyre om blogg.no, syntest eg at dette høyrdes spannande ut, og eg ville gjerne prøve det sjølv!

Kva likar du å gjere på fritida di?

Eg likar veldig godt å gå turar, og då aller helst åleine. Eg plar ofte å lakke neglene mine, sjølv om dette er noko eg gjorde mykje oftare før. Og så likar eg å berre slappe av framføre pc-en eller ein annan skjerm, og gjerne med ein film frå nettflix.


Topp tre bloggar?

Karinadale

Gurovs

Mammatilmichelle

Kvifor skriv du på nynorsk?

Det er fordi eg skriv nynorsk på skulen, og eg synest dette er eit veldig fint skriftspråk, og derfor har eg vald å skrive nynorsk på bloggen min.

Er du med i to speidargrupper?

Ja, eg er med i to speidargrupper, ei her på Stord, og ei på Karmøy. Dette er fordi eg ville bli teken opp som rovar saman med andre gjevnaldrande, og ikkje åleine, og eg valde denne speidargruppa fordi eg kjente mange der frå før.

Viss du måtte velge mellom å spise rå fisk eller å hoppe i fallskjerm, kva ville du gjort?

Eg har eigentleg veldig lyst til å smake Sushi, så eg trur ikkje det ville vore så ille, men eg har enda meir lyst til å hoppe i fallskjerm, og eg kjem nok til å gjere når eg blir gammal nok.

Kva er ditt favorittdyr?

Hund eller skjeldpadde.

Kva er ditt beste ferieminne?

Det er definitivt då eg var på Norsk Roland i sommarferien. Det var ei heilt spesiell oppleving, og eg vart kjend med så mange fantastiske folk, og eg ville gjerne gjordt det igjen dersom eg kunne!


Likar du å synge?

Ja, eg synge heile tida! Men eg er ikkje så stor fan av å synge åleine framføre andre folk.

Kven er ditt største førebilete?

Det er nok anten Lars monsen, villmarksjenta eller Cecilie Skog.

Kva er din favorittmat?

Pizza eller Blomkålsuppe!

 

Det var alle spørsmåla for denne gongen! Svar gjerne sjølv på nokre av spørsmåla under!

-Avex♥

 



  • 28.09.2015 kl.22:19
    Kan du ha spørsmål runde en gang i måneden?
    28.09.2015 kl.22:44
    Eg kan kanskke det, skal tenke på det i alle fall!
    28.09.2015 kl.22:49
    Jeg tror jeg heller ville ha spist sushi enn å hoppe i fallskjerm... for jeg syns det virker sykt skummelt å hoppe i fallskjerm, og jeg har i tillegg høydeskrekk, så jeg hadde ikke hoppet i fallskjerm frivillig iverfall!!!
    28.09.2015 kl.22:50
    Anonym: Det er forståeleg, eg hadde og høgdeskrekk før, men heldigvis så har eg ikkje så mykje lengre.



    Kommenter her
    Tilkomstgruppen
    Design og koding: Ina Anjuta
    Anette Vedøy

    Hei! Eg er ei Jente på snart 17 som kjem frå ei lita øy på Vestlandet som heiter Stord. For tida er eg busett på Stranda, kor eg går på internatskule. Her vil du kunne lese om livet på internat, friluftsliv, foto, reise og alt anna som måtte oppta kvardagen min.

    Kategorier

    Siste innlegg

    Design og koding: Ina Anjuta
    hits