Trolltunga 2015 (A N E T T E | V E D Ø Y ♥)
HEIM ADD OM MEG INSTAGRAM

0

Trolltunga 2015

Forrige helg bestemte eg og mamma oss for at no reiser vi. Vi hadde tenkt lenge på det, og det var no på tide å ta turen. Vi pakka sekkane klare på fredagen, og lørdag morgon drog vi i veg. Turen skulle gå til trolltunga. Vi hadde googla litt og funne ut litt om kor langt det var, og kor lang tid det ville ta. Sidan vi hadde med oss telt, hadde vi tenkt å bruke to dagar på turen, og berre ta alt heilt med ro utan å stresse eller trenge å gå så fort. Vi kunne ha alle dei pausane vi ville og trengt ikkje å tenke på at det kunne bli mørkt.

Vi reiste heimanifrå på laurdagen cirka klokka 08:30, og var framme i odda rundt 10:30. Etter litt om og men med å finne parkeringsplass og sånn, så starta vi turen vår når klokka var 11:40. Vi starta roleg og tok mange pausar på veg opp. Det var vel den første kilometeren som var verst, for der gjekk vi bratt oppover i gjørme, og det var veldig tungt heilt i starten.

Etter vi hadde gått dei første 450 høgdemetarane, gjekk det ganske greit bortover, utan for mange oppoverbakkar. 

Då det var tre kilometer igjen til trolltunga fann vi ut at det blei alt for seint dersom vi skulle gå heilt til topps den dagen, så vi fann oss ein fin leirplass, og slo opp teltet, noko vi fann ut at ikkje var så veldig lett i mykje vind. Men vi fekk det opp til slutt, og fekk lagt oss inni soveposane for å varme oss før vi spiste mat og la oss til å sove.

Neste dag starta vi tidleg med å pakke saman teltet slik at vi kom oss opp før det vart for mykje kø. Vi gjekk dei siste tre kilometrane inn til trolltunga, og fekk teke nokre bilete. Det var ei heilt fantastisk oppleving, og noko som eg definitivt kje til å gjere igjen, berre ikkje på eit par år...






Turen ned igjen var ganske tung, for då var vi trøytte og slitne, og ville berre komme oss ned så fort som mogleg. Det føltes mykje kortare å gå ned igjen enn det gjorde å gå opp, og vi brukte mindre tid på det også. 



Det var vedlig deilig når vi var kome ned att og kunne sjå tilbake på den fantastiske turen med mange nye opplevingar og minner.

Og sjølvsagd så var vi veldig svoltne når vi kom ned, og måtte få oss noko skikkeleg mat, så vi gjekk på shell  for å kjøpe mat, og det var berre heilt nydeleg å få varm mat når vi var så svoltne. 

-AvexQ






  • Kommenter her
    Tilkomstgruppen
    Design og koding: Ina Anjuta
    Anette Vedøy

    Hei! Eg er ei Jente på snart 17 som kjem frå ei lita øy på Vestlandet som heiter Stord. For tida er eg busett på Stranda, kor eg går på internatskule. Her vil du kunne lese om livet på internat, friluftsliv, foto, reise og alt anna som måtte oppta kvardagen min.

    Kategorier

    Siste innlegg

    Design og koding: Ina Anjuta
    hits