Atter ein topptur (A N E T T E | V E D Ø Y ♥)
HEIM ADD OM MEG INSTAGRAM

0

Atter ein topptur

Idag her eg nok ein gong vore på fjelltur, men denne gongen var ikkje turen så lang eller krevande. Sidan vêret var så fint, så fann eg ut at eg berre ville på ein kort liten søndagstur, så idag gjekk turen til Utslettefjellet. Eg starta frå parkeringsplassen klokka 15:50, og brukte ca. 45 min på turen opp. Då eg kom til toppen, skein sola, men det var ein del vind, så det var ikkje så varmt som eg hadde håpa på, men heldigvis så hadde eg hue og jakke med meg, så kaldt vart det ikkje. 

På toppen skreiv eg først i turboka, og så måtte eg jo spise litt tursjokolade, før eg gjekk ned igjen.






Nedturen brukte eg 30 minuttar på, så eg var nede ved parkeringsplassen igjen klokka 17:30.


 

-AvexM






  • Kommenter her
    Tilkomstgruppen
    Design og koding: Ina Anjuta
    Anette Vedøy

    Hei! Eg er ei Jente på snart 17 som kjem frå ei lita øy på Vestlandet som heiter Stord. For tida er eg busett på Stranda, kor eg går på internatskule. Her vil du kunne lese om livet på internat, friluftsliv, foto, reise og alt anna som måtte oppta kvardagen min.

    Kategorier

    Siste innlegg

    Design og koding: Ina Anjuta
    hits