Kva har eg i skulesekken min? (A N E T T E | V E D Ø Y ♥)
HEIM ADD OM MEG INSTAGRAM

2

Kva har eg i skulesekken min?

Sidan skulen startar, for meg, i morgon, så har eg gjordt ferdig det meste eg treng til skuleåret, og eg tenkte å vise dykk kva eg har i skulesekken min dette året(utanom bøker...).

Skulesekken min er den same som eg har hatt sidan 8. klasse, berre nyvaska og fin!


Eg har og, som vanleg, denne kule permen som eg brukar for å holde styr på papira mine(det er i alle fall det som er meininga med den, sjølv om den berre er der for å sjå kul ut, og tar opp aaaalt for mykje plass i sekken min).


Men pennalet mitt er nytt i år, og eg berre måtte ha det, for eg vart berre heilt forelska!



Og sjølvsagt har eg kjøpt ein del nye saker som eg kan ha i pennalet mitt!



Sidan eg har planar om å kjøpe meg ein almanakk, så kjøpte eg denne til å fest inni:

Bortsett frå dei vanlege skuletinga, så har eg nokre andre ting som eg likar å ha i sekken.

Og kva har eg i denne søte veska?

Dette er mitt ''emergency kit'' som inneheld blandt anna: parfyme, lommetørkler, deodorant, lommespeil og andre ting som kan verta nyttige på skulen.

Utenom dette har eg nokre andre ting som eg ikkje treng å ha i ei veske, men berre rundt om i ulike rom i sekken:




Tyggis og håndkrem er dei to tinga som eg verkeleg ikkje klarar meg utan.

Skriv gjerne i kommentarfeltet som du plar å ha i sekken, så snakkast vi snart igjen!

-Avex♥



  • 16.08.2015 kl.20:03
    Så herlig pennal! :D
    16.08.2015 kl.20:15
    Rebecca Hasselgard: Eg veit! Håpar berre det er grei kvalitet på det..



    Kommenter her
    Tilkomstgruppen
    Design og koding: Ina Anjuta
    Anette Vedøy

    Hei! Eg er ei Jente på snart 17 som kjem frå ei lita øy på Vestlandet som heiter Stord. For tida er eg busett på Stranda, kor eg går på internatskule. Her vil du kunne lese om livet på internat, friluftsliv, foto, reise og alt anna som måtte oppta kvardagen min.

    Kategorier

    Siste innlegg

    Design og koding: Ina Anjuta
    hits