Går det an å lage kjeks på bål? (A N E T T E | V E D Ø Y ♥)
HEIM ADD OM MEG INSTAGRAM

0

Går det an å lage kjeks på bål?

Det har vore veldig fint vêr idag, og eg bestemte meg derfor for å gå ut i skogen og brenne bål. Så fekk eg ein idè om å prøve å lage kjeks på bål, og for å vere heilt ærleg så hadde eg ikkje eigentleg så stor tru på at det gjekk an, men eg ville i alle fall prøve og sjå korleis det gjekk. Så eg lagde ei blanding med sjokoladekjeks, pakka sekken og gjekk ut i skogen. Eg gjekk inn til ein gapahuk av tre, som er bygd av turistforeninga(trur eg), kor det er to bålpanner som kven som helst kan bruke dersom dei vil det. Eg måtte prøve to gonger før eg fekk fyr på bålet, men når eg først fekk fyr, så brann det godt.


Eg hadde med meg banan og sjokolade, som eg også ville grille, noko eg visste ville gå.


Kjeksen prøvde eg å steike på to ulike måtar; å ha dei i aluminiumsfolie og å grillle på spiddepinne. 




Eg fann til slutt ut at det fungerte best å steike dei i aluminiumsfolie, sjølv om dei blei gode når eg steikte dei på spiddepinne og.

Eg gjekk heimanifrå klokka 17:40, og kom heim 21:15, så eg har vore på tur i ca 4 og ein halv time, og eg har berre kost meg!


Eg har i allefall lært at det er mogeleg å lage kjeks på bål, og det er definitivt ikkje siste gong eg lagar dette!

Dersom du har lyst til å lage desse kjeksa, enten på bål eller i ovn, så finn du oppskrifta her.

Kva har du gjordt idag?

-Avex♥






  • Kommenter her
    Tilkomstgruppen
    Design og koding: Ina Anjuta
    Anette Vedøy

    Hei! Eg er ei Jente på snart 17 som kjem frå ei lita øy på Vestlandet som heiter Stord. For tida er eg busett på Stranda, kor eg går på internatskule. Her vil du kunne lese om livet på internat, friluftsliv, foto, reise og alt anna som måtte oppta kvardagen min.

    Kategorier

    Siste innlegg

    Design og koding: Ina Anjuta
    hits