Svar på spørsmålsrunden (A N E T T E | V E D Ø Y ♥)
HEIM ADD OM MEG INSTAGRAM

2

Svar på spørsmålsrunden

Kva fekk deg til å begynne å blogge?

Det var vel når søskenbarnet mitt begynte å blogge, så syntest eg at det verka gøy, så eg spurde mamma om eg kunne lage ein blogg, og så hjelpte søskenbarnet mitt meg med å lage bloggen. Eg visste ikkje heilt kva eg dreiv med då, men eg har starta ein ny blogg, slik at eg fekk begynne på nytt, og no bloggar eg fordi eg synest det er bra å kunne dele tankane sine med andre, og eg elskar å skrive...

Korleis fann du på bloggnamnet ditt?

Eg hadde først tenkt å kalle bloggen for aved, a for Anette og ved for Vedøy, men så kom berre namnet til meg, og eg syntest at avex verka kulare enn aved, så eg gjekk for det.

Kva skal du i sommarferien?

Eg har no vore ei veke på Roland, og ei veke på hytta. Denna veka reknar eg med å vere heime, men så reiser vi til mormor på laurdag. Etter det har eg ingen planar, men eg tenkjer at vi sikkert skal på båttur ei stund.

Kva type bær likar du best?

Jordbær♥

Kva er di favorittdrikke om sommaren?

Milkshake eller iste

Kan du ha OOTD?

Det kan eg sikkert ein eller annan dag☺

Ser du på nokon seriar?

Ja, eg ser på PLL og Friends.

Kva er favorittfilmen din?

My sister's keeper

Kva gledar du deg mest til i 10.klasse?

Eg gledar meg litt til å vere eldst på skulen, og så gledar eg meg mykje til klasseturen.

Kva gledar du deg minst til?

Det må vere å ha prøvemunnleg og eksamen, for det er eg veldig nervøs for.

 

Håpar du fekk svar på det du lurte på. Dersom det er noko meir du vil ha svar på, så kan du gjerne leggje igjen ein kommentar i kommentarfeltet, så skal eg svare så snart eg får tid.

 

-Avex♥

 

 



  • 06.07.2015 kl.23:42
    Fine svar :)
    07.07.2015 kl.22:42
    RebeccaHasselgard: Takk<3



    Kommenter her
    Tilkomstgruppen
    Design og koding: Ina Anjuta
    Anette Vedøy

    Hei! Eg er ei Jente på snart 17 som kjem frå ei lita øy på Vestlandet som heiter Stord. For tida er eg busett på Stranda, kor eg går på internatskule. Her vil du kunne lese om livet på internat, friluftsliv, foto, reise og alt anna som måtte oppta kvardagen min.

    Kategorier

    Siste innlegg

    Design og koding: Ina Anjuta
    hits